Norsk-svensk reinbeitekonvensjon

I samband med møte i Nordisk ministerråd i Finland 30. juni drøfta landbruks- og matminister Jon Georg Dale og landsbygdsminister Sven-Erik Bucht vidare framdrift i arbeidet med å ratifisere ny konvensjon om norsk-svensk reinbeiting.

 Eg konstaterer at min svenske kollega gir klart uttrykk for at han ønskjer ei løysing med ein ny konvensjon, og at dette må skje raskt, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Frå svensk side har ein hatt  trong for nærare avklaring av tilhøve knytt til m.a. rettstryggleiken og det er laga ei utgreiing som no blir sendt på høyring. Med grunnlag i dette arbeidet vil svenske styresmakter avklare sitt syn på det vidare arbeidet innan utgangen av 2016.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale seier at det nå hastar. – Det har tatt svært lang tid å få på plass ein ny konvensjon om norsk-svensk reinbeiting. Grunnlaget var klart allereie i 2009. Dagens uavklarte situasjon er til skade for både svenske og norske reineigarar, seier Dale.

Siste konvensjonen slutta å gjelde i 2005

Noreg og Sverige har i lengre tid arbeidd med å få på plass ein ny reinbeitekonvensjon sidan den siste konvensjonen slutta å gjelde i 2005. I møte i Luleå mellom dei to ministrane i oktober 2015, blei det signalisert ein ambisjon om å få på plass ein ny konvensjon innan utgongen av 2016.

I januar 2016 blei det halde eit møte mellom landbruks- og matminister Jon Georg Dale og landsbygdsminister Sven-Erik Bucht om saka. På møtet informerte svenske styresmakter om at svensk side skulle starte eit utgreiingsarbeid der ein rekkje spørsmål skulle vurderast. Dette arbeidet er no ferdig, og norske styresmakter avventar difor Sverige si vidare oppfølging av utgreiingsarbeidet.