Ny forskrift om forenkla bruk av IFRS

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Finansdepartementet har i dag fastsett ei ny forskrift om forenkla bruk av internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS). Den nye forskrifta trer i kraft straks, med verknad for rekneskapsår som begynner 1. januar 2022 eller seinare.

Forskrift 21. januar 2008 nr. 57 har opna for forenkla bruk av internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS) for dei fleste rekneskapspliktige i Noreg, medrekna ved utarbeiding av selskapsrekneskapane i IFRS-rapporterande konsern. Finansdepartementet har hatt på høyring eit utkast frå Finanstilsynet som oppdaterer forskrifta i lys av nye IFRS-standardar som har kome etter 2014, og endringar i eksisterande standardar.

Finansdepartementet har i dag fastsett ei ny forskrift om forenkla bruk av internasjonale rekneskapsstandardar. I tillegg til å føre vidare reglane i den tidlegare forskrifta, inneheld den nye forskrifta ei rekke endringar om mellom anna unntak frå krav til noteopplysningar etter IFRS. Det er òg ein del meir tekniske og redaksjonelle endringar.

Finansdepartementet har òg fastsett overgangsreglar som opnar for bruk av den nye forskrifta også for rekneskapsår avslutta 31. desember 2021 eller tidlegare.

Les meir: