Historisk arkiv

Ny leiar av Kontrollutvalget for kommunikasjonskontroll

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

I statsråd i dag blei lagdommar Ingvild Mestad utnemnde til ny leiar for Kontrollutvalget for kommunikasjonskontroll.

Ingvild Mestad (fødd 1960) har sida 2011 vore lagdommar i Borgarting lagmannsrett. Ho har tidlegare lang erfaring som advokat og partner i Kluge advokatfirma DÅ. Der arbeidde ho blant anna med generell forretningsjus og teknologirelatert jus.

Det er med bakgrunn i at dagens leiar, lagdommar Therese Steen, tiltrer i ny jobb at ny leiar for kontrollutvalet måtte utnemnast.
Fram til 27. april 2021 vil kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll bestå av:

  • lagdommar Ingvild Mestad (leier)
  • advokat Trine Buttingsrud (medlem)
  • professor Asbjørn Strandbakken (medlem)
  • sivilingeniør Frank Stien (medlem)
  • advokat Marianne Klausen (varamedlem)
  • tingrettsdommar Brynjulf Moe (varamedlem)

Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll skal kontrollere at politiet sin bruk av kommunikasjonskontroll, romavlytting og dataavlesing skjer innanfor ramma av lov og instruksar, og at tvangsmiddelbruken begrenses mest mogeleg.