Historisk arkiv

Priv. til red.

Ny leiar for Det kriminalitetsforebyggende råd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Statsråd Grete Faremo møter fredag den nyutnemnde leiaren for Det kriminalitetsforebyggende råd.

Statsråd Grete Faremo møter fredag den nyutnemnde leiaren for Det kriminalitetsforebyggende råd.
Rådet sin nye leiar blir utnemnd i statsråd i dag i tillegg til fire nye medlemmer og seks medlemmer som blir utnemnd for ein andre periode.

KRÅD er regjeringa sitt rådgivande organ for langsiktig og prinsipiell kriminalpolitisk tenking.

Justisministeren vil ønskje den nye leiaren velkomen og fortelle om sine forventningar.

– Eg ønskjer å sjå kriminalitetsførebygging i et breiare perspektiv og utfordre haldningar i fleire grupper i samfunnet. Då kan rådet bli enda viktigare og tydeligare som bidragsyter i den offentlege debatten om kriminalitetsførebygging, seier justisminister Grete Faremo.

Pressa er velkomen.

Tid: Kl 12.00
Stad: Det kriminalitetsforebyggende råd, Møllergata 16