Historisk arkiv

Ny mellombels fylkesmann i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Lars Sponheim er i statsråd i dag konstituert til mellombels fylkesmann i Hordaland.

- Vi får behalde ein dyktig fylkesmann med brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Departementet har varsla ein gjennomgong av strukturen av fylkesmannsembeta. Difor blir Sponheim tilsett i mellombels embete. Eventuelle endringar i strukturen av fylkesmannsembeta blir avgjort seinast 31. desember 2018.

Lars Sponheim (58) har hatt sin første åremålsperiode som fylkesmann i Hordaland. Han er utdanna sivilagronom. Sponheim var stortingsrepresentant for Venstre frå 1993 til 2009, og var óg partileiar for Venstre i fleire år. Han har vore statsråd i to regjeringar. Sponheim har tidlegare vore ordførar i Ulvik, og har mellom anna arbeidd som både rektor og lektor ved Statens gartnarskule. Sponheim tiltrådte embetet som fylkesmann i Hordaland 1. juni 2010. Åremålsperioden går ut 31. mai 2016.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00