Ny mellombels fylkesmann i Oppland

Sigurd Tremoen er i statsråd i dag konstituert til mellombels fylkesmann i Oppland.

- Tremoen har brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Sigurd Tremoen blir tilsett i vikariatet som fylkesmann i Oppland i den tida fylkesmann Christl Kvam er statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet. Eventuelle endringar i strukturen av fylkesmannsembeta blir avgjort seinast 31. desember 2018, så vikariatet varar ikkje utover dette tidspunktet.

Sigurd Tremoen (50) har vore assisterande fylkesmann sidan desember 2010, og har fungert som fylkesmann etter at fylkesmann Christl Kvam tiltrådte som statssekretær i januar 2016. Tremoen er utdanna sivilingeniør. Han starta å jobbe hos Fylkesmannen i Oppland i 2005, men hadde et opphald i to år da han var avdelingsdirektør i SFT/Klif. Han har og jobba i Miljøverndepartementet og i SFT. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00