Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ny partilovnemnd oppnemnt

Kongen i statsråd har i dag oppnemnt ny partilovnemnd for 2018 – 2024.

Partilovnemnda sin kompetanse er styrkt ved å utvide med eit ekstra medlem, Dermed har vi no ei balansert fordeling mellom nøytrale fagpersonar og representantar nominert av partia.

Nemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan, som er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Nemnda sine oppgåver er blant anna å tolke regler i partiloven og forskrift gitt med heimel i partilova, kontrollere at føresegn om finansiering i partiloven overhaldast og avgjere klagar over vedtak om registrering og om tildeling av statleg støtte.

Medlemmane i nemnda er oppnemnd for seks år av gongen.

Partilovnemnda består no av følgjande medlemmar:

Leiar
Professor Eivind Smith (Oslo)

Nøytrale medlemmar:
Avdelingsdirektør Hege Fjellheim (Karasjok)

Professor Tina Søreide (Bergen)

Partirepresentantar:
Høgre: Lars Arne Ryssdal (Asker)

Senterpartiet: Anne Tingelstad Wøien (Brandbu)

Venstre: Geir Helge Sandsmark (Halden)

 

Til toppen