Historisk arkiv

Ny strategi for barn som veks opp i familiar med låg inntekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

I dag legg regjeringa fram ein ny strategi som skal fremje deltaking og styrkje moglegheitene til barn som lever i familiar med låg inntekt. Strategien skal også legge til rette for eit betre samarbeid med frivilligheit, næringsliv og sosiale entreprenørar på fattigdomsfeltet.

Samarbeidsstrategien lanserast fredag 16. oktober klokka 09.00, der mellom anna statsminister Erna Solberg, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby deltek. Følg lanseringa av samarbeidsstrategien her.

– Barn og ungdom har kome med innspel om at det er skamfullt og flaut å vekse opp i ein familie med låg inntekt. Nokon opplever at dei blir utestengt fordi dei ikkje har råd til å kjøpe dei same tinga eller delta på dei same aktivitetane som andre barn. Det er djupt urettferdig at nokon barn får færre moglegheiter berre fordi foreldra tener mindre enn andre. Med denne strategien vil regjeringa styrke moglegheitene og auke deltakinga for barn og unge frå familiar med svak økonomi, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Her kan du lese Like muligheter i oppveksten. Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020-2023).

Ei sårbar gruppe

I 2018 vaks 111 000 barn og unge opp i familiar med vedvarande låg inntekt, det vil regjeringa gjere noko med. Vi veit at desse barna har høgare risiko enn andre for ei rekkje påkjenningar i oppveksten, til dømes færre venar, dårlegare helse, trongare bustadar og større risiko for å falle utanfor arbeidslivet og igjen få låg inntekt som vaksne. I tillegg går dei i mindre grad i barnehage og skolefritidsordningar, og har dårlegare læringsutbytte i skulen.

– Barnehage, skule og SFO er blant dei viktigaste arenaene for å gje barn og unge like moglegheiter i oppveksten uavhengig av kva foreldra tener. Difor gjer vi det billegare å få plass i barnehage og på SFO for familiar med dårleg råd. Vi held samstundes fram med tidleg innsats slik at dei barna som treng hjelp, skal få det raskast mogleg. Dessutan forsterkar vi norskopplæringa i skulen for barn som treng det, samt betrar moglegheita for at barn i asylmottak kan få gå i barnehage, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Mål og innsatsområde

Målet for strategien er å redusere forskjellar mellom barn og unge når det gjeld høvet til å delta og utvikle seg, samt førebyggje at levekårsulempene går i arv. Samarbeidsstrategien tek utgangspunkt i at å vekse opp i ein familie med låg inntekt kan innebere mange ulike utfordringar og levekårsproblem på fleire område. For å kjempe mot dei negative konsekvensane, trengs det ein brei og samordna innsats frå fleire politikkområde og blant aktørar i offentleg, frivillig og privat sektor.

Strategien inneheld tiltak som skal gjere det lettare for barn og unge å gjennomføre utdanningsløp, delta i fritidsaktivitetar og bu trygt og godt, og som sikrar gode helsetenester for alle. Strategien inneheld òg tiltak som skal bidra til at foreldre og ungdom kjem i arbeid.

Sentrale satsingar i 2021-budsjettet er auken i barnetrygd og eingongsstønad, vidareføring og utviding av prøveprosjekt med nasjonal fritidskortordning, lågare foreldrebetaling i SFO og gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar, forbetring av bustøtta og styrking av Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge. 

Bakgrunn for strategien

Strategien følgjer opp Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017) som var den første som såg på heile breidda av verkemiddel retta mot gruppa.

Samarbeidsstrategien er utarbeidd i eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og underliggjande direktorat.

Det har også vorte arrangert innspelsmøte med sentrale aktørar på feltet, ein forskardialog og ein workshop med næringslivet og frivilligheita. Eit ungdomspanel på 10 ungdommar har følgt og kome med innspel til arbeidet med strategien og Redd Barna har gjennomført barnehøyringar med barn frå familiar med svak økonomi.