Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ny utkikksbru opna i Sognefjellet

Ei 52 meter lang og berre to centimeter tjukk gangbru vart i dag opna på Sognefjellet. Her er det utsikt innover mot Jotunheimen.

Utkikkspunkt Sognefjellet
Ein 52 meter lang og 2 cm strekkbåndbru over Fantesteinsvatn er utforma av Dronninga Landskap. Foto: Jon Berg

Den spesielle brutypen finst det berre femti av i verda. Ho vart opna av statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet i dag. Brua er designa av Landskapsarkitekturfirmaet Dronninga Landskap.

- Dette er ein stor dag for forvaltinga av nasjonalparkane. Utkikspunkt Sognefjellet er ein milepæl i arbeidet med å leggja til rette for dei som vitjar nasjonalparkane, samstundes som vi tek vare på naturverdiane, seier Hamar.

Utkikkspunkt Sognefjellet
Utkikkspunkt Sognefjellet med ny spektakulær bru vart opna av statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet i dag. Foto: Jon Berg

Miljødirektoratet har laga ein strategi for nasjonalparkane, med mål om fleire turistar, større verdiskapning og ei forsvarleg forvalting. Nasjonalparkane skal verta betre kjent for folk og meir tilgjengelege.

Nasjonalpark

Direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, er oppteke av at vern og bruk av naturen må bli to sider av same sak.

- Nasjonalparkane skal ikkje vere som eit museum. Vi skal ta vare på naturen, men må òg sørge for at han vert brukt, seier ho.

Jotunheimen, Rondane, Varangerhalvøya og Hallingskarvet nasjonalparkar var først ute med å ta i bruk den nye visuelle profilen og leggje betre til rette for turgåarar.

Det er òg eit ynskje om at føretak kan nyte godt av nasjonalparkane, til dømes ved å selje lokal mat, forfriskingar eller friluftsopplevingar.

- Når vi legg til rette for meir besøk er det viktig at det skjer der naturen toler det, seier Ellen Hambro.

Besøksstrategiane skal sørge for å kanalisere ferdsla til bestemte område, lage gode innfallsportar der det er eigna for folk, og at ein ikkje lagar turstiar i område der folk til dømes kan forstyrre villrein eller trakke ned verneverdige fjellblomar.

Utkikkspunkt Sognefjellet

Offisiell opning måndag 20. august kl. 15:30 ved Sognefjellshytta. Opnast av statssekretær Atle Hamar frå Klima- og miljødepartementet.

Sognefjellshytta etablerast som den meste omfattande innfallsporten til ein nasjonalpark som ledd i arbeidet med merkevara Noregs nasjonalparkar. Utkikspunkt Sognefjellet gjev utsyn over Jotunheimen nasjonalpark.

Ein 52 meter lang og 2 cm strekkbåndbru over Fantesteinsvatn er utforma av Dronninga Landskap.

Til toppen