Historisk arkiv

Nye midlertidige fylkesmenn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Inge Ryan, Hill-Marta Solberg og Trond Rønningen er i statsråd i dag konstituerte til fylkesmenn. Ryan held fram som fylkesmann i Nord-Trøndelag og Solberg i Nordland. Rønningen tek over etter Anne Enger i Østfold.

- Vi får behalde to dyktige fylkesmenn med brei og solid erfaring. I tillegg er eg glad for at Trond Rønningen kjem med på laget med sin erfaring mellom anna som assisterande fylkesmann, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Departementet har varsla ein gjennomgong av strukturen av fylkesmannsembeta. Difor blir alle dei tre tilsette i midlertidige embete. Kor lenge dei tre blir i embeta, kjem an på eventuelle endringar i strukturen. Dette blir avgjort seinast 31. desember 2018.

Hill-Marta Solberg (63) er inne i sin første åremålsperiode som fylkesmann i Nordland. Ho tiltredde i 2009. Solberg er utdanna adjunkt og har tidlegare arbeidd som lærar i 12 år. Frå 1987 til 1993 var ho ordførar i Sortland kommune. Solberg var stortingsrepresentant frå 1993 til ho blei fylkesmann. Ho har også vore statsråd i Sosial- og helsedepartementet i over tre år og parlamentarisk leiar for Arbeiderpartiet.

Inge Ryan (59) er også inne i sin første åremålsperiode som fylkesmann i Nord-Trøndelag. Han er utdanna lærar og har jobba som lærar, rektor og distriktsarbeidssjef for Indre Namdal. Ryan har hatt fleire politiske verv, som nestleiar i SV i fire år, stortingsrepresentant/parlamentarisk leiar, varaordførar og ordførar i Namsskogan kommune.

Trond Rønningen (47) har sidan 2009 vore tilsett som assisterande fylkesmann i Østfold. Han har tidlegare hatt ulike stillingar i embetet både som avdelingsdirektør for juridisk avdeling og som anvarleg direktør for områda kommune, justis og beredskap. Rønningen er utdanna jurist og har mellom anna arbeidd som avdelingsdirektør i HELFO og NAV.

Når Ryan og Solberg avsluttar sine åremålsperiodar, går dei over i midlertidige embete. Rønningen tiltrer det midlertidige embetet som fylkesmann i Østfold 1. januar 2016. Då avsluttar Anne Enger si siste åremålsperiode. Ein fylkesmann kan berre utnevnast for to åremålsperiodar på seks år kvar.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00