Historisk arkiv

Opnar for fleire fritidsbustader i Rauma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har i dag sagt ja til fleire fritidsbustader ved Måsvatnet i Måndalen i Rauma kommune. I ny reguleringsplan vert det opna for opp til 17 fleire fritidsbustader.

- Eg legg vekt på omsynet til dei lokalpolitiske vurderingar som kommunen har gjort i saka. Nå legg vi til rette for at det nye hyttefeltet blir ein realitet, seier Sanner.

Samstundes godkjenner statsråden at den private køyrevegen til Skarsetra vert forlenga med 800 meter fram mot Måsvatnet. Dette vil opna for lettare og betre tilkomst til dei eksisterande og nye fritidsbustadane. Vegen skal ikkje bli vinterbrøyta.

- Eg legg til grunn at kommunen kjenner dei lokale tilhøva, og ser ikkje grunn til å gå mot forlenginga av køyrevegen med 800 meter, seier Sanner. 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune hadde motsegn til planen grunna området sine spesielle kvalitetar knytt til natur- og friluftsinteresser. Motsegnene er ikkje tatt til følge.