Historisk arkiv

Over 24 millionar til førebygging i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

34 kommunar får tilskot til å utvikle arbeidet med å fange opp og følgje opp utsette barn.

- Det er viktig for regjeringa å støtte kommunane i det førebyggjande arbeidet. Gjennom god førebygging kan vi syte for at fleire barn og unge kan leve gode og trygge liv i sine eigne heimar, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Sjå kva kommunar som får tilskot på Bufdirs nettsider.

Kommunane har ei lovpålagt plikt til å førebyggje, gripe inn og gi barn den hjelpa dei treng. Riktig førebygging kan gi store gevinstar for kvart enkelt barn, for familien og for samfunnet. Denne tilskotsordninga er etablert for å støtte kommunane sitt arbeid med utsette barn. Gjennom utvikling av ein heilskapleg samhandlingsmodell blir kommunen betre rusta til å:

  • identifisere barn og unge som treng hjelp
  • samarbeide på tvers av tenester og faggrupper
  • gi tilsette kunnskap og tryggheit til å handle
  • gi barn og unge rett hjelp til rett tid

Tilskotsordninga byggjer på erfaringane frå Modellkommuneforsøket som blei gjennomført i 26 norske kommunar i perioden 2007 til 2015. Under forsøksperioden fekk kommunane i oppdrag å utvikle gode modellar for kommunane sitt arbeid med å fange opp og hjelpe utsette barn. Modellane skulle skildre korleis kommunen arbeider på tvers av tenester og leiingsnivå, og gi tilsette og leiarar i kommunen gode verkty i arbeidet med målgruppa.

- Vi veit at barn som har foreldre med utfordringar knytt til psykisk sjukdom og rus, er i risiko for å oppleve ulike former for omsorgssvikt, og for å utvikle eigne helseproblem. For å minske denne risikoen må alle tenestane i kommunen samarbeide om å identifisere og følge opp barna på eit så tidleg tidspunkt som muleg. Barnehagar, skuler, helsetenester, fritidstilbod og hjelpeinstansar må snakke saman, fordele oppgåver, og ta eit felles ansvar for situasjonen barnet er i, seier statsråden.