Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Over 700.000 kroner til Luster kommune

– Flaumen i oktober i fjor gjorde store skadar i Luster. Då må storsamfunnet stille opp og ta ein del av rekninga, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Departementet betaler no ut over 700.000 kroner til Luster kommune i Sogn og Fjordane for kostnader i akuttfasen, opprydding og utbetring av skadar etter flaumen.

Regnver og snøsmelting førte til flaum i Oppland og Sogn og Fjordane i oktober 2018. Flaumen var særleg dramatisk i Luster kommune, der elvene i Fortunsdalen og Mørkridsdalen gjorde store skadar. Tidlegare har Sogn og Fjordane fylkeskommune fått 52 millionar kroner for utbetring av fylkesvegnettet etter flaumen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gir Luster kommune 720.540 kroner i kompensasjon for kostnadene etter flaumen. Midlane kjem frå budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

 

Til toppen