Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Buskerud og Vestfold 14. august

Måndag 14. august reiser samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen til Buskerud og Vestfold får å bli orientert om veg- og jernbaneprosjekt.

Program:

Kl. 11.00-13.00: Rv 23 – E18
Orientering om strekninga rv 23 Dagslett-Linnes og om planar for strekninga rv 23 Linnes – E18. orienteringa inkluderer synfaring mellom Dagslett og E18.

Oppmøte: Anleggskontoret til Statens vegvesen i Røykenveien 18, 3427 Gullhaug

Ca. kl. 13.40: Godsterminal på Kopstad
Orientering om og synfaring av område for eventuell ny godsterminal for veg og bane på Kopstad syd for Holmestrand.  

Oppmøte: Parkeringsplass på Kopstad på venstre side av E18 ved køyring frå Drammen.

Pressekontakt: Edvard Andersen, Kommunikasjonseininga, Samferdselsdepartementet: mobiltelefon 905 11 667.

Media kan delta på programmet. Av omsyn til transport ber vi om påmelding via e-post til edvard.andersen@sd.dep.no