Nansenprisen går til colombiansk talskvinne for born og unge

Mayerlín Vergara Pérez, kjent som Maye, vart i dag annonsert som vinnar av Nansenprisen 2020. Ho får prisen for sitt langvarige arbeid mot seksualisert og kjønnsbasert vald og hennar iherdige innsats for vern av born og unge i Colombia.

I laupet av sitt 20-årige virke har Maye vore ein sterk forsvarar av born sine rettar og ei talskvinne i arbeidet mot seksualisert og kjønnsbasert vald. Ho har gått langs gater i avsidesliggjande område for å identifisere og hjelpe overlevande etter overgrep. Ho har redda hundrevis av born og unge frå mishandling og vald og sytt for at dei har fått omsut og tryggleik.

Nansenprisen løftar fram innsatsen til personar og organisasjonar som kjempar for rettane og tilhøva for menneske som er på flukt. Krisa i Venezuela har dei siste åra ført tusenvis av mindreårige over grensa til Colombia og mange er blitt utsatt for seksuelt misbruk. Maye har jobba med lokalsamfunn i Uribia, Maicao og Riohacha nær den venezuelanske grensa for å hjelpe born og unge i regionen.

- Eg vil takke Mayerlín Vergara Pérez for hennar eineståande innsats for born og unge i kampen mot seksuell vald. Hennar arbeid syner dei vanskelege tilhøva for nokre av dei mest sårbare menneska som vert drivne på flukt, seier statssekretær Marianne Hagen.  

For Noreg er førebygging og vern mot seksualisert og kjønnsbasert vald i humanitære kriser eit høgt prioritert satsingsområde, som det har vore viktig å setje på dagsorden internasjonalt.

-  Årets pris rettar søkelyset mot eit viktig og vanskeleg tema. Det er avgjerande med personar som Maye i frontlina for å sikre vern og psykososial stønad til overlevande, seier statsekretær Hagen.

Noreg var med på å etablere Nansenprisen i 1954. Prisen ber namnet sitt etter den fyrste høgkommissæren for flyktningar, Fridtjof Nansen. Med stønad frå Noreg og Sveits blir den årlege prestisjetunge humanitære ærestittelen delt ut av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). Prisen er ein viktig del av den humanitære arva etter Nansen.

Årets prisseremoni vert vist på youtube.com/user/unhcr d. 5. oktober 2020.