Historisk arkiv

Brende til toppmøte i Washington om valdeleg ekstremisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende skal til Washington 19. februar for å delta på toppmøte om valdeleg ekstremisme. Den amerikanske utanriksministeren John Kerry er vertskap for møtet.

Føremålet   med møtet er å diskutere korleis denne type ekstremisme kan nedkjempast. 

- Vi har mange eksempel på at valdeleg ekstremisme brer om seg, og det er derfor viktig at det internasjonale samfunnet kjem saman i kampen for å bli kvitt dette ondet. Alle gode krefter må spela på lag, seier utanriksminister Børge Brende. 

President Obama skal vera med på delar av møtet. I tillegg til ministrar, er representantar for sivilt samfunn, privat sektor, religiøse leiarar og ungdom inviterte til møtet. 

For å sikre ein felles innsats i arbeidet, skal det vedtakast ein handlingsplan med konkrete oppfølgingspunkt. 

Utanriksminister Brende skal delta i eit panel der tema er ungdom og radikalisering, og behovet for yrkesopplæring i utsette regionar og samfunn. 

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920