Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 7, 2015

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 7, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 10. februar
Utanriksminister Brende møter Bergens næringsråd og forskingsmiljø i Bergen. Brende deltek også på eit rundebord om globale økonomiske utfordringar og held eit foredrag på Noregs Handelshøgskole (NHH). Sjå eigen priv. til red. Stad: Bergen

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Onsdag 11. februar
Utanriksminister Brende møter president Jim Yong Kim og ministrane i nordisk-baltisk valgruppe i Verdsbanken. Sjå eigen priv. til red. Stad: Helsingfors.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Torsdag 12. februar
Kl. 09.00: Utanriksminister Brende opnar seminaret «Armed Non State Actors and Access to Health in Armed Conflict» hos Norges Røde Kors. Stad: Oslo (Hausmannsgate 7)

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

Kl. 12.30: Utanriksminister Brende er vert for ein lunsj for utanriksministeren frå Filippinene,  Albert del Rosario. Stad: Oslo (Parkveien)

Pressekontakt: Eskil Grendahl Sivertsen, 926 89 277.

Kl. 18.00: Utanriksminister Brende deltek på sentralbanksjefens foredrag og middag. Stad: Oslo (Noregs Bank/Grand Hotel)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 14. og sundag 15. februar:
Utanriksminister Brende deltek på fylkesårsmøte i Sør-Trøndelag Høgre. Stad: Trondheim

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Ingrid Skjøtskift, 951 98 726.

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 9. februar
Kl. 17.00: Statsråd Helgesen møter direktør Michael Georg Link i OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar, ODIHR. Stad: Statsministerens kontor.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536  

Torsdag 12. februar
Kl. 13.00: Statsråd Helgesen er vertskap for ein rundebordskonferanse om norsk audiovisuelt innhald i ein digital marknad, saman med kulturministeren og næringsministeren. Stad: Oslo (Arkitekturmuseet).

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Måndag 9. februar
Kl. 11.00: Statssekretær Pedersen møter direktør Michael Georg Link i OSSE sitt kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar, ODIHR. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 11. – fredag 13. februar
Statssekretær Pedersen deltek på høgnivåmøte i FN om sikkerheitssektorreform. Han deltek også på eit seminar om ytringsfridom og vern av journalistar i regi av International Peace Institute. Han har også møter med ulike aktørar i FN-systemet. Sjå eigen priv. til red. Stad: New York, USA.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Hans Brattskar

Sundag 8. – tysdag 10. februar
Statssekretær Brattskar deltek på eit høgnivåmøte om den humanitære situasjonen i Sør-Sudan. Stad: Nairobi, Kenya

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Ingvild Næss Stub

Måndag 9. februar
Kl. 16.15: Statssekretær Stub deltek på eit seminar om Europa saman med stiftelsen Young Ambassadors. Stad: Oslo (EU-delegasjonen)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02