Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022

Styrkjer satsinga på havvind

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa vil styrkje satsinga på havvind og foreslår å auke løyvingane til dette arbeidet med til saman 10 millionar kroner i statsbudsjettet for 2022.

— Regjeringa meiner alvor med satsinga på havvind. Difor er det viktig for oss å bidra til innovasjon, industriutvikling og god sameksistens med andre næringar på havet. Me skal førebu Noreg på framtida, og då er det heilt sentralt at me legg til rette for verdiskaping basert på naturressursane våre, grøne arbeidsplassar i heile landet og ei rettferdig omstilling der ingen fell frå, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil leggje til rette for ei storstilt satsing på havvind gjennom ein ambisiøs nasjonal strategi som blant anna inkluderer satsing på norsk leverandørindustri, eit godt regelverk og utvikling av nettinfrastruktur på norsk sokkel.

Arbeidet med vindkraft til havs er nybrottsarbeid og krev tilstrekkelege resursar og kunnskap for å sikre effektive og grundige prosessar. Den foreslåtte løyvinga i tilleggsnummeret til statsbudsjettet for 2022 vil både auke saksbehandlingskapasiteten i Olje- og energidepartementet og gi rom for naudsynte utgreiingar.

Departementet skal gjennomføre arealtildeling og konsesjonsprosess for havvind, samtidig som det skal leggjast til rette for innovasjon, industriutvikling og sameksistens med andre aktørar på norsk sokkel. I sommar gjennomførte departementet ei høyring av rettleiaren for arealtildeling, konsesjonsprosess og søknadar for vindkraft til havs, og forslag til endringar i havenergilova og havenergilovforskrifta. Høyringssvara viser mellom anna at det er behov for avklaringar om nettrelaterte spørsmål før tildeling av areal for havvind.