Regjeringa inviterer til nasjonal konferanse om berekraftsmåla

Regjeringa inviterer til konferansen "Veien mot 2030". Målet er å mobilisere heile landet til ein felles innsats for å nå berekraftsmåla innan 2030.

— Eg er glad for at kunnskapen og engasjementet rundt berekraftsmåla stadig aukar. Det gir meg håp for det viktige arbeidet framover. Eg trur den nasjonale bærekraftskonferansen vil inspirere oss alle til vidare innsats fram mot 2030, seier statsminister Erna Solberg (H).

Det er kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup som koordinerer regjeringa sitt arbeid med berekraftsmåla, og som har teke initiativ til konferansen.

– Heile samfunnet må bidra om vi skal lukkast med å nå berekraftsmåla innan 2030. Det er heldigvis mange der ute som sit på gode idear til kordan vi kan bli meir berekraftige. Nokon av dei vil vi møte på konferansen, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Konferansen går av stabelen 2. juni 2021 kl. 09.00-12.30, og vil vere heildigital. Statsminister Erna Solberg deltek, saman med kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup og utviklingsminister Dag Inge Ulstein. I tillegg vil representantar frå kommunar, fylker, næringsliv, arbeidslivsorganisasjonar, sivilsamfunn og forskingsinstitusjonar halde innlegg og delta i debattar. Sjå heile programmet her.  

Norges engasjement for berekraftsmåla i utlandet og heime heng saman. Eit av spørsmåla som skal diskuterast på konferansen er kva moglegheiter og utfordringar Norge har for å fremme ei berekraftig utvikling internasjonalt. 

- 2030-agendaen med berekraftsmåla er eit vegkart heile verda har slutta seg til. Det er eit mål for Norge å bidra til at alle verdas land når berekraftsmåla, også dei sårbare som treng utviklinga mest. Denne berekraftskonferansen er viktig for vårt internasjonale samarbeid, seier Dag-Inge Ulstein, utviklingsminister (KrF). 

Media kan kontakte oss på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon 22 24 25 00 eller sende ein e-post til ke@kmd.dep.no.