Regjeringa opprettar strategiutval for idrett leia av Jan Åge Fjørtoft

For å utforme ein idrettspolitikk for framtida har regjeringa i dag oppretta eit strategiutval for idretten. Arbeidet skal bli leia av Jan Åge Fjørtoft som får med seg eit breidt samansett utval med mykje erfaring frå idretts- og samfunnslivet.

Kulturminister Thorhild Widvey og utvalsleiar Jan Åge Fjørtoft.
Kulturminister Thorhild Widvey og utvalsleiar Jan Åge Fjørtoft. Foto: Frode Hansen/VG Foto: Foto: Frode Hansen/VG

- Eg er svært glad for å ha fått Jan Åge Fjørtoft til å påta seg dette arbeidet. Med seg på laget har han ei rekkje ressurspersonar som vil kunne bidra mykje i utviklinga av idretten i åra framover. Eg ser fram til å få tilrådingar og forslag fra utvalget om eit drøyt års tid, seier kulturminister Thorhild Widvey. 

- Sjølv om vi no har fullført innfasinga av ny tippenøkkel står vi framleis framfor store og viktige utfordringar på idrettsområdet. Det gjeld mellom anna fråfall frå ungdomsidretten, idrett og inkludering og idrett og utdanning. Spørsmåla om korleis vi best kan legge til rette for både  organisert og eigenorganisert idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet er viktige for å ta idretten videre, seier kulturminister Thorhild Widvey. 

Utvalet har fått eit vidt mandat og skal se på løysingar for alle delar av folket. Dei skal kome med framlegg om korleis inaktive, funksjonshemma og andre grupper som tradisjonelt deltek lite i idrett kan bli stimulert til å drive med fysisk aktivitet. Samstundes skal dei kome med tilrådingar til korleis ein etisk og fagleg basert toppidrett kan bli vidareutvikla. 

Rammevilkåra for frivillig arbeid innanfor alle område i idretten skal vere sentrale element i utvalet sitt arbeid.

- Det er med stor glede og faktisk litt ære eg tek på meg denne utfordringa frå statsråden. Eg vaks opp i ei lita bygd der det frivillige var basis for all aktivitet for både gamal og ung. Korleis skal vi sikre oss at framtidige generasjonar også er aktive, uansett nivå? Eg skal no leie eit ressurssterkt lag som skal kome med forslag til løysingar basert på eit breidt mandat, seier utvalsleiar Jan Åge Fjørtoft.

Medlemmene i utvalet 

Jan Åge Fjørtoft (fødd 1967) (utvalsleiar)

Fjørtoft er sjølvstendig næringsdrivande og arbeider for fleire selskap og organisasjonar i Norge og i utlandet. Han er rådgjevar på det norske herrelandslaget i fotball og vore med i prosjektet ”Handshake for Peace” fra starten.  Jan Åge er tidlegare profesjonell fotballspelar og har mellom anna spela i Premier League og tysk Bundesliga. Han har spela 71 landskampar for Noreg. Fjørtoft kjem frå Gursken på Sunnmøre, og bur i Asker.

 

Anneli Nesteng (fødd 1978)

Anneli Nesteng er kraftverkssjef for Norsk Hydro i Sogn. Ho har vore aktiv i ei rekkje eigenorganiserte idrettar, mellom anna fjell- og isklatring, padling og jollesegling. Ho har og drive med downhill-sykling, langrenn og løpt maraton. I 2013 blei Nesteng kåra av E24 til eit av dei ti beste unge leiartalenta her i landet. Nesteng kjem fra Østfold, og bur i Sogndal. 

 

Mikael Oguz (fødd 1976)

Då Mikael Oguz blei kåra til årets trenarforbilde i 2012 framheva juryen hans gode haldningar og verdiar. Oguz er leiar for Grorud Taekwondoklubb, som faren hans starta. Han har sjølv vore aktiv i klubben i 15 år. Mikael Oguz jobbar i dag som assisterande landslagstrenar i taekwondo hos Norges Kampsportforbund. 

 

Aase Kristin H. Abrahamsen (fødd 1962)

Aase Kristin H. Abrahamsen er rådgjevar for idrett og fysisk aktivitet i Alta kommune. Ho har særs god kunnskap om dei utfordringane kommunesektoren har på idrettsområdet, ikkje minst når det gjeld idrettsanlegg. Ho kjem frå Ålesund og har budd i Alta sidan 1988.

 

Cato Zahl Pedersen (fødd 1959)

Cato Zahl Pedersen har som toppidrettsutøvar tatt 13 gull- og ein sølvmedalje i fire Paralympics-meisterskap. Han har tatt medaljar i langrenn, alpint og friidrett. I sine ”Unarmed-ekspedisjonar” har han erobra Sydpolen og fleire av dei høgaste fjella i verda. Zahl Pedersen har hatt mange posisjonar og verv innanfor idretten. Han har jobba mest med idrett for funksjonshemma – sist som fagkonsulent for paralympiske idrettar ved Olympiatoppen. Han er prosjektleiar ved Reaktorskolen og bur på Nesodden i Akershus.

 

Jorid Degerstrøm (fødd 1973)

Jorid Degerstrøm er lege ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg og medisinsk ansvarleg herrelandslaget i fotball. Ho har tidlegare arbeidd med toppidrett gjennom Olympiatoppen. Degerstrøm bur i Tromsø.

 

Øyvind Sandbakk (fødd 1981)

Øyvind Sandbakk er forskingskoordinator ved Senter for toppidrettsforsking ved NTNU. Han er leiar for forsking og utvikling ved Olympiatoppen Midt-Noreg. Han har også ulike verv og engasjement i langrennsidretten. Sandbakk bur i Trondheim.

 

Ingrid Tollånes (fødd 1965)

Ingrid Tollånes er leiar for avdeling for samfunn og gåve i Gjensidigestiftinga. Ho har lang erfaring frå arbeid med idrett på ulike plan, mellom anna som generalsekretær i Oslo idrettskrets i ei årrekkje. Tollånes har vore med i Markarådet. Ho har og vore styremedlem i Forskingsrådet sitt program for idrett, samfunn og frivillig organisering. Tollånes er frå Skien, og bur i Oslo.

 

Magnus Sverdrup (fødd 1975)

Magnus Sverdrup er spesialrådgjevar i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komitè (NIF). Han har hatt ulike posisjonar i NIF sidan 2002. Sverdrup kjem frå Kristiansand, og bur i Oslo.

Utvalet skal presentere sine tilrådingar første kvartal 2016.