Samferdselsdepartementet: Susanne Moen Stephansen tilsett som kommunikasjonssjef

Susanne Moen Stephansen, Oslo, er tilsett som kommunikasjonssjef i Samferdselsdepartementet.

Stephansen er 44 år og har grunnfag, mellomfag og hovudfag i nordisk språk og litteratur, samt grunnfag i statsvitskap og sosialantropologi og studiar i journalistikk.

Ho vart tilsett som seniorrådgjevar i Kommunikasjonsavdelinga i januar 2011. Frå desember 2011 var ho nestleiar i avdelinga.

Sidan 1. februar 2016 har Susanne vore midlertidig tilsett som kommunikasjonssjef i departementet.

Stephansen har tidlegare vore kommunikasjonsrådgjevar i Noregs forskingsråd og sjølvstendig næringsdrivande.