Historisk arkiv

Samferdselsministerens sommartur – dag 4

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Torsdag 8. august skal samferdselsminister Dale reise gjennom tre nye fylke på sommarturen – Oppland, Trøndelag og Møre og Romsdal. På programmet står mellom anna togtur på Dovrebanen, orientering og synfaring i regi av Nye Veier om prosjekta E6 Gudbrandsdalen og E6 Ulsberg-Melhus, og bedriftsbesøk i Sunndalsøra og Vestnes.

Torsdag 8. august startar programmet på Otta stasjon. Der vil Nye Veier informere om E6 Gudbrandsdalen, som er vegstrekninga frå Øyer til Otta. Frå Otta stasjon tar han toget til Oppdal. Tema for turen er kva for planar SJ Norge har for togtilboda når selskapet overtar drifta i 2020. Journalistar som ønskjer å bli med på turen må sjølv kjøpe billettar.

Programmet held fram på Berkåk. Der vil Nye Veier informere om E6 Ulsberg-Melhus. Samferdselsministeren vil delta på synfaring på prosjektet mellom Berkåk og Ulsberg. Deretter køyrer Dale til Sunndalsøra, der han skal vitje Grytnes Entreprenør AS, som er ei verksemd innan bygg og anlegg. Siste post på programmet er Baatbryggeriet AS i Vestnes, der det blir orientering om verksemda.

Detaljar for dagen:
10.45   Nye Veier informerer om E6 Gudbrandsdalen – oppmøte på Otta stasjon

11.31   Togtur frå Otta til Oppdal – SJs planar for togtilbodet i Trafikkpakke 2: Nord – oppmøte på Otta stasjon

13.30   Orientering og synfaring i regi av Nye Veier om E6 Ulsberg-Melhus - oppmøte på Berkåk (kryss E6 og Fv700, møtested på torget vis-á-vis Esso

17.00   Vitjing hos Grytnes Entreprenør AS – oppmøte i Naustvegen 4, Sunndalsøra

20.00   Orientering om verksemda til Baatbryggeriet – oppmøte i Kråkenesveien 7 A, Vestnes.

Pressekontakt for dagen er kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen, mobiltelefon: 905 11 667, e-post. edvard.andersen@sd.dep.no

Se pressemelding om samferdselsministerens sommartur 2019.