Historisk arkiv

Samferdselsministerens sommartur – dag 5

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Fredag 9. august avsluttar samferdselsminister Dale årets sommartur. Trafikktryggleik på skuleveg, ny teknologi og grøn skipsfart, eit nytt konsept for kortreist mat, bedriftsbesøk og Stad skipstunnel står på programmet. Det inkluderer togtur på Dovrebanen, orientering med Nye Veier om prosjekta E6 Gudbrandsdalen og E6 Ulsberg-Melhus, og bedriftsbesøk i Sunndalsøra og Vestnes.

Dagen startar på Valderøy barneskule utanfor Ålesund. Der skal samferdselsminister Dale delta på ei markering i samband med at Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) har fått stønad til sikring av skuleveg for elevane. Neste post på programmet er Kongsberg Maritime i Ålesund. Temaet er teknologi og grøn skipsfart.

Deretter går turen til Volda. Først skal samferdselsministeren vitje Volda Maskin. Han skal òg markere opninga av Bazpoint Volda, ein sentral for kortreist mat der kundar kan hente varene dei har kjøpt direkte frå lokale produsentar.

I Vanylven skal Dale vitje Sibelco Nordic, ei verksemd som bidrar til reduksjon av klimagassutslepp ved levering av mineralet olivien til råjernproduksjon. Dagen blir avslutta ved Åheim. Her skal Kystverket informere om status for prosjektet Stad skipstunnel.   

Detaljar for dagen:

09.00   Markering av trafikktryggleikstiltak på skuleveg til Valderøy skule – oppmøte ved skulens hovudinngang, Øvstevegen 19, Valderøy   

09.50   Teknologi og grøn skipsfart på Kongsberg Maritime i Ålesund – oppmøte i NMK-bygget, Borgundvegen 340, Ålesund

12.00   Vitje Volda Maskin AS – oppmøte hos verksemda i Furene 42, Volda

13.15   Opningsmarkering for Bazpoint Volda, eit nytt konsept for kortreist mat – oppmøte bak Coop Mega i Hamnegata 12, Volda  

15.20   Vitje Sibelco Nordic AS, som leverer mineral til klimavennleg råjernproduksjon – oppmøte hos verksemda i Åheim i Vanylven

16.30   Orientering av Kystverket om Stad skipstunnel – oppmøte på Kvilehytta, Åheim   

 

Pressekontakt for dagen er kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen – mobiltelefon: 905 11 667, e-post. edvard.andersen@sd.dep.no