Historisk arkiv

Sanner på tidleg innsats-turne i Bodø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 28. mai kjem kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Bodø. Sanner ønskjer å sjå gode eksempel på arbeid med tidlig innsats og ha dialog om korleis barnehagar og skolar arbeider for å fange opp barn og elevar som strevar.

Tidleg innsats er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. I dag får mange barn hjelp for seint, og for mykje av hjelpa desse elevane får blir gitt av ukvalifiserte. Regjeringa arbeider no med ei stortingsmelding om tidleg innsats.

Program for dagen:

Kl. 10.30 – 11.30

Jan Tore Sanner gjestar Grønnåsen barnehage. Hovudtema for besøket vil vere tidleg innsats, førebyggjande arbeid, og overgang barnehage-skule.. Adresse: Grønnåsen, 8073 Bodø

 

Kl. 11.45 – 12.45

Besøk ved Grønnåsen barneskule. Skulen vektlegg varierte læringsmåtar, mellom anna bruk av naturen og nærmiljøet som læringsarena. I tillegg finnst det ingen skuleklokke ved denne skulen. Adresse: Prestmarkveien 163, 8074 Bodø

 

Kl. 13.00 – 14.00

Besøk Bodin vidaregåande skule. Tema er gjennomføring, psykisk helse og overgang mellom ungdomstrinn og vidaregåande. Adresse: Mørkvedtråkket 2, 8026 Bodø

Pressa er velkomen alle stader. Journalistar som ønskjer å intervjue statsråden kan kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ajfer Husejin på telefon 95936485 eller pr. e-post på ajf@kd.dep.no