Historisk arkiv

Satsar på presisjonsjordbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Satsing på presisjonslandbruk og ny teknologi ved NIBIO Apelsvoll skal bidra til eit ressurseffektivt og bærekraftig jordbruk.

Senter for presisjonsjordbruk ble etablert i august 2016. Hovedaktiviteten er knytta til NIBIO Apelsvoll ved Kapp i Østre Toten. Formålet med senteret er å bidra til eit ressurseffektivt og bærekraftig jordbruk gjennom å gjøre vegen kortare frå ny teknologi utvikles og til den kommer bonden til gode. 

– Eit berekraftig og effektivt norsk jordbruk krev at vi er i front innan forsking og utvikling, tek i bruk ny teknologi og utviklar nye produksjonsmetodar. NIBIO si satsing på presisjonsjordbruk vil gi viktige bidrag til dette, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Presisjonsjordbruk

Presisjonsjordbruk, også kalla presisjonslandbruk, handlar om å bruke ny teknologi til å tilpasse behandlinga av jord og vekstar etter behov, som ofte varierer mykje innafor det samme jordet. Vanligvis behandles heile jordet likt ut frå det ein mener er riktig i gjennomsnitt. Ved presisjonsjordbruk blir til dømes gjødslemengden, sprøytemengden og kalkmengden tilpassa utifrå det stadspesifikke behovet. Dette behovet blir kartlagt ved å setje saman informasjon frå mange kildar, der ulike sensorar, kamera og GNSS (globale navigasjonssystem) spiller ein sentral rolle. Slikt utstyr kan monterast på traktoren, på sjølvgåande roboter, på UAV (ubemanna helikopter eller fly) eller på satellitter. 

Det nye senteret utvikler og tester teknologiske løysinger både for dagens bruk og presisjonsjordbruket i framtida. Deira FoU-aktivitet er konsentrert rundt følgjande tema: Presisjonsgjødsling, presisjonskamp mot ugras (kjemisk og mekanisk), avansert landbruksteknikk (autostyring, redskapsstyring, støtte til vedtak) og robotisering og automatisering. 

Breidtt samarbeid

Senter for presisjonslandbruk samarbeider med mange aktørar i innland og utland, som til saman dekkjer eit vidt spenn frå sluttbrukarar (interesserte gardbrukarar og Norges Bondelag) via sentrale marknadsaktører i landbruket (Yara Norge, Yara Research Centre Hanninghof, Felleskjøpet Agri) til utvalgte teknologibedrifter (Adigo AS, Garford Farm Machinery Ltd, IMEC). I tillegg kjem eit utstrakt samarbeid med forskningsmiljø over heile verda. Dette nettverket utvides stadig.