Historisk arkiv

Skriftleg svar til Stortinget frå landbruks- og matministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Gjennom spørsmål til regjeringa sine medlemmar har stortingsrepresentantane mogelegheit til å få informasjon om bestemte saker og kartlegge regjeringa sine holdningar til aktuelle politiske spørsmål. Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har svart på spørsmål frå representant Geir Pollestad (Sp) om kva statsråden gjer for å handtere situasjonen med MRSA.

Pollestad har følgande spørsmål:

Hva gjør statsråden for å håndtere situasjonen med MRSA og kan statsråden garantere at ingen bønder lider et økonomisk tap som følge av at MRSA blir påvist i deres besetninger?

Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og er ikkje gjenstand for debatt i Stortinget. Statsråden som spørsmålet er retta til, skal innan seks virkedagar gje eit skriftleg svar til stortingsrepresentanten som har stilt spørsmålet.