Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Skriftlig spørsmål nr. 2090 fra Jenny Klinge

Om avgiftsfritak for brann- og redningstjenestens utrykningskjøretøy

Jeg viser til brev 14. august 2019 fra Stortingets president vedlagt spørsmål fra stortingsrepresentant Jenny Klinge til skriftlig besvarelse. Spørsmålet, som er stilet til samfunnssikkerhetsministeren, men besvares av Finansministeren lyder:

«Meiner statsråden at brann- og redningstenesta burde få fritak frå avgifter når dei kjøper ein bil som utrykkingskøyretøy?

 Begrunnelse:
Når brann- og redningstenesta skal kjøpe ny bil som framskutt eining til bruk på akutte helseoppdrag, kan det vera ønskjeleg med lågast mogleg vekt grunna køyreeigenskapane. Men, for å få avgiftsfritak må dei visst kjøpe eit sløkkesystem som fort veg 150-200 kg til å ha i bagasjerommet. Dette sløkkesystemet skal vera både kostbart og så tungt at det kan gjere bilen vanskeleg å køyre under utrykking. Ifølgje ein brannkonstabel blir sløkkesystemet lite brukt då det «ikkje duger til stort anna enn å sløkke kaffibål». Dette siste kan eg ikkje uttale meg om, men det høyrast uansett ut som ganske firkanta reglar om det er slik at brann- og redningstenesta må kjøpe tungt, dyrt ekstrautstyr - som dei heller ikkje nyttar - til å ha i bilen for å fylle krava for avgiftsfritak for ein utrykkingsbil. Eg ønskjer derfor å høyre om ikkje det burde vera nok at bilen er kjøpt som utrykkingskøyretøy.»

Svar:
Ut frå grunngivinga til spørsmålet legg eg til grunn at spørsmålet refererer seg eingongsavgifta og det særskilte fritaket for spesialutrusta køyretøy til brannvesenet.

Føremålet med eingongsavgifta er å skaffe staten inntekter, og stimulere til ein meir miljøvennleg bilpark.

Eit effektivt og robust avgiftssystem bør generelt ha færrast mogleg unntaks-, fritaks- og særordningar. Kompensasjonar for uynskte og urimelege utslag bør fortrinnsvis skje på budsjettets utgiftsside.

I eingongsavgifta er det gjeve fleire fritak for særskilte køyretøytypar og bruksområder. Dette gjeld mellom anna ambulansar, lett pansra køyretøy til offentlig bruk, og spesialutrusta køyretøy til brannvesenet. Fritaka må sjåas på bakgrunn av at dette er heilt spesielle køyretøy som ikkje har noe alternativt bruksområde, og som ville fått ei svært høg avgift i eit system som i fyrste rekkje er laga med tanke på personkøyretøy og varebilar.

I tillegg til tradisjonelle brannbilar nyttar brannvesenet også vanlege personkøyretøy.  Dette er ikkje eit behov som bør verte finansiert gjennom fritak i eingongsavgifta. Når offentlege verksemder kjøper inn nye personkøyretøy vil løyvinga som blir gitt også dekke eingongsavgifta. Dette gjeld til dømes også utrykkingskøyretøyet til politiet. Eit generelt fritak for utrykkingskøyretøyet til brannvesenet vil ikkje spare staten for utgifter, berre flytte kostnaden frå utgiftssida til inntektssida på budsjettet. Samstundes gjer slike fritak at ein ikkje når dei andre målsettingane med eingongsavgifta, til dømes ynskje om å stimulere til ein meir miljøvennleg bilpark.

Eg er kjend med at det vore diskusjonar om reglane om kva som skal til for at eit køyretøy skal reknast som spesialutrusta. Dette skal mellom anna ha samanheng med ein gjennomgang Skattedirektoratet gjorde av regelverket for ei tid tilbake, og der det vart gitt nærmare retningslinjer for handsaminga av fritaket. Dei nye retningslinjene var i utgangspunktet ikkje meint som ei innstramming, men skal i nokre høve ha ført til ei skjerping. Dette gjeld eit fåtal køyretøy, og dei fleste av disse er nå godkjende etter ny behandling i Skattedirektoratet.

Skattedirektoratet er bedt om sjå nærmare på reglane med sikte på å komme fram til ei avgrensing som tek større omsyn til korleis brannvesenet er organisert i dag. Dei nye retningslinjene skal utarbeidast i samråd med brannmyndigheitene. 

Med hilsen

Siv Jensen

Til toppen