Historisk arkiv

Sparer fleire hundre millionar kroner på statlege fellesinnkjøp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Oslo Economics og Inventura har evaluert prøveordninga med Statens innkjøpssenter og dei statlege fellesavtalane. Vurderinga er at innkjøpssenteret medverkar til å oppfylle fastsette mål og er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Dei rår difor til at Statens innkjøpssenter vert vidareført som ei permanent ordning.

– Eg er glad for funna i denne evalueringa. Den viser at staten sparer store beløp på felles innkjøp, samstundes som vi tar vare på konkurransen i marknaden, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Funna i evalueringa viser at Statens innkjøpssenter gjev meir effektive innkjøp (reduserte prisar og transaksjonskostnader for staten), sikrar god regelverksetterleving, profesjonelle innkjøpsprosessar og tar vare på relevante samfunnsomsyn, og medverkar òg til auka bruk av elektronisk handel i dei statlege verksemdene.

Evalueringa bereknar ein årleg nettogevinst for samfunnet på cirka 200 millionar kroner. Staten aleine sparar over 500 millionar kroner i løpet av fire år på dei sju avtalene som er inngått eller om lag 130 millionar kroner i året.

Gevinstane i form av lågare prisar og reduserte transaksjonskostnader veg opp for ressursane som vert brukt i Statens innkjøpssenter, og det er ikkje identifisert negative verknader på konkurransen i marknadane der det er inngått statlege fellesavtaler.

– I praksis brukar vi 50 millionar kroner for å spare 500 millionar kroner. Det vi sparar på felles statlege innkjøp kan brukast på betre tenester til innbyggjarane eller det kan frigjerast tid til meir komplekse innkjøp, seier Mæland.

Statens innkjøpssenter vart i 2016 oppretta i Difi som ein fireårig prøveordning. Senteret har i prøveperioden eit budsjett på 12,5 millionar kroner årleg og ein bemanning på ti tilsette. Ved skipinga av innkjøpssenteret vart det lagt til grunn at prøveordninga skulle evaluerast før eventuell permanent vidareføring. Fullmakt til å inngå fellesavtalar på vegne av sivile verksemder i statleg sektor er gjeven i ein kongeleg resolusjon. Alle sivile verksemder i statsforvaltninga er obligatorisk omfatta av innkjøpsordninga, men verksemdene kan melde at dei ikkje vil delta i einskilde konkurransar. Verksemda treng ikkje å grunngje dette.

Fram til i dag er det inngått sju statlege fellesavtalar. Dette er avtalar for:

Les rapporten: