Historisk arkiv

Svar på spørsmål om sakshandsamingstida for visumsøknader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) om sakshandsamingstida for visumsøknader.

Skriftleg spørsmål nr. 399 (2016-2017).
Datert 15.12.2016

Spørsmål frå stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap): 
Dei fleste frå land utanfor EU/EØS må søke om eit besøksvisum. Attendemeldingane frå reiselivet er at behandlingstida for visumsøknader til Noreg, spesielt frå kinesiske reisande, vert opplevd som ein flaskehals. Er ministeren bekvem med at behandlingstida er lengre enn i andre nordiske land?

Svar frå utanriksministeren: 
Alle norske utanriksstasjonar som tek imot og handsamar søknadar om Schengen-visum, er opptekne av å gjere sakshandsamingstida så kort som mogleg. Dette gjeld ikkje minst ambassaden i Beijing og generalkonsulata våre i Shanghai og Guangzhou, som er svært medvitne om kor viktig kinesisk turisme er for norsk næringsliv. Dei tre siste åra har sakshandsamingstidene vorte kraftig redusert og gjennomsnittleg sakshandsamingstid for turistgrupper som skal til Noreg frå Kina er no om lag to dagar i lågsesongen og fire dagar i høgsesongen. Det er ikkje slik at Noreg har lengre sakshandsamingstider enn dei andre nordiske landa i Kina.  

Om lag 90 prosent av visumsøkjarane frå Beijing reiser i organiserte grupper. Søknadar frå individuelle reisande kan ta noko lengre tid om det er opplysningar som treng nærare sjekk, til dømes kva som er formålet med reisa.  

Det har vore ei sterk auke i talet på turistar frå Kina til Noreg dei siste åra, trass i det vanskelege politiske forholdet. Rask sakshandsamingstid, saman med andre tiltak utanriksstasjonane våre i Kina har sett i verk, har medverka til dette.  

Det er positivt at norsk reiselivsnæring deler vårt ynskje om rask handsaming av visumsøknadar. Utanriksdepartementet ser gjerne på korleis ein best kan samarbeide med næringa for å auke turismen til Noreg i tida framover.