Historisk arkiv

Stadig fleire får hjelp i familievernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Rundt 170 000 personar fekk hjelp i familievernet i fjor, i følgje anslag frå Bufdir. Det er nærare 10 000 fleire enn året før. I tillegg snakkar familievernet med stadig fleire barn i pågåande meklingssaker.

- Eg er stolt over at den historiske satsinga denne regjeringa og samarbeidspartia har hatt på familievernet nyttar. Fleire tilsette ved familievernkontora gjer at fleire vår hjelp innan fristen. Eg er særleg glad for at dei aller fleste som får tilbod i familieverntenesta er familiar med barn. Når familievernkontora kjem tidleg inn i konfliktfylte familiar, kan vi førebygge at konfliktane utviklar seg til noko meir alvorleg, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Lågterskeltilbod

Den viktigaste oppgåva i familievernet er handsaming og rådgiving når det er problem og kriser i familien, såkalla kliniske saker. Det har vore ei markant auke i talet på saker og samtalar. I 2016 gav familieverntenesta hjelp i 56 551 saker og det vart gjennomført 120 520 samtalar, over 12 000 fleire enn året før. Om vi ser på talet kliniske saker og talet meklingar, og legg til grunn at kvar sak involverer tre personar, vil nær 170 000 personar ha vore i kontakt med familievernet i 2016. Det er nærare 10 000 fleire enn året før.

Ei anna viktig oppgåve for familievernet er å gjennomføre meklingar for par som er separerte eller går gjennom samlivsbrot. Over 95 prosent får tilbod innan fristen på tre veker, ein liten nedgang frå i fjor. Vi ser likevel at samtalar med barn har auka. I fjor snakka familievernet med 9,8 prosent av alle barn i meklingssakene, mot 8,9 prosent i 2015.

- Familievernet er eit gratis lågterskeltilbod. Til saman er løyvinga til familievernet auka med 38 millionar kroner i budsjettet for 2017. Dette skal styrke kapasiteten, auke tilbodet om samtalar med barn ved samlivsbrot og styrke kompetansen i familievernet på valdsområdet. Vi veit at barn kan ha det vanskeleg under samlivsbrot og få skadar av langvarige konflikter i familien. Derfor er det viktig at barn blir høyrt, og at familieverntenesta motiverer foreldra til å sjå barnets behov, seier statsråd Horne.

Totalt har familieverntenesta blitt styrkt med 128 millionar kroner sidan 2013.

Spisskompetansemiljø

Denne veka var statsråd Horne på besøk på Enerhaugen familievernkontor. Enerhaugen vart spisskompetansemiljø for arbeidet mot vald i 2015. Spisskompetansemiljøet på Enerhaugen skal kvalitetssikre praksisen ved familievernkontora i alle regionar og bidra til eit meir standardisert og kunnskapsbasert tilbod om vald i familievernet.

- Eg er imponert over det arbeidet dei har fått til på Enerhaugen og er svært fornøyd med at vi har fått på plass spisskompetansemiljøet på vold her. Eg har tru på kunnskapsdeling, seier statsråden.

Meir om tala

Kliniske saker

  • Prosentandelen som har fått tilbod innan firevekersfristen har auka frå 75 % i 2014 til 81 % i 2015 til 89,5 % i 2016.
  • Talet på samtalar i kliniske saker har auka frå 102 665 i 2014 til 108 399 i 2015 til 120 520 i 2016.
  • Talet på kliniske saker har auka frå 32 777 i 2014 til 34 735 i 2015 til 37 871 i 2016 (saker med avtale i inneverande år).
  • Talet på nye kliniske saker har auka frå 25 443 i 2014 til 27 357 i 2015, og til 29 744 saker i 2016.
  • Samtalar med barn i kliniske saker har auka frå 10,1 % i 2014 til 10,7 % i 2015 (saker med avtale i inneverande år) og til 10,75 % i 2016 (saker med avtale inneverande år).

Meklingar (tala inkluderer ikkje eksterne meklarar)

  • Prosentandelen som har fått tilbod innan trevekersfristen har auka frå 95,7 % i 2014 til 96,1% i 2015 og er i 2016 på 2014-nivå i fjor med 95,6 %.
  • Talet på nye meklingar har gått ned frå 17 633 i 2014 til 16 882 i 2015 og auka til 17 306 i 2016. Familieverntenesta har mål om å gjennomføre 75 % av meklingane, medan eksterne skal gjennomføre 25 %.
  • Samtalar med barn har auka frå 6,8 % i 2014 til 8,9 % i 2015 pågående meklingssaker. I 2016 snakka familievernet med 9,8 prosent av alle barn i meklingssakene. Av barn under 7 år snakka meklar med 3,5 prosent, og med 16 prosent av barna over 7 år. Andelen barn over 7 år som har hatt samtale med meklar har auka med 13,8 prosent frå 2015-nivå, mens andelen barn under 7 år har auka med 25,7 prosent fra 2015-nivå.