Historisk arkiv

Stang inn for villaksturismen i Stjørdalen, - og for Dale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har vitja Hembre Gård ved Stjørdalselva for å gjere seg betre kjent med villaks som næring.

Det var Norske lakseelver som inviterte, og Dale fekk orienteringar frå Stjørdalsvassdragets Elveeierlag, Norsk institutt for naturforskning (NINA), Gaula Fiskeforvaltning og Elvene rundt Trondheimsfjorden (ErT).  Omsetnaden i laksefisket i Noreg er i dag 1,2-1,3 milliarder kroner. Ved betre tilrettelegging, utvikling av tilleggstenester m.v. reknar ein med at verdiskapinga innan laksefiske i elvene kan aukast opp til 2-3 milliarder kroner. 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på laksefiske i Stjørdalselva Sammen med guide og laksefisker.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fekk prøve seg som fiskar. Og han hadde skikkeleg fiskelukke; to gode ruggar på 80-85 cm drog han på land, med kyndig assistanse av fiskeguide Christer Kristoffersen. Sidan begge var holaksar, vart dei etter reglane sleppt ut att. Og så hadde Dale ein enda større på kroken, men den glapp...Så seier (fiske)soga. Foto: Eva B. Thorstad Norsk institutt for naturforskning - NINA

 Det er eit stort potensiale for vekst i laksefisketurismen, men det må vere marknaden som styrer, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. -  Eg er genuint oppteken av at folk skal ha høve til å kunne bu, skaffe seg arbeid og drive verdiskaping i Distrikts-Noreg. - Dersom vi klarer å utvikle distriktsnæringane, skaper vi grunnlag for det, seier Dale. 

Mattias Andersson ga Dale kyndig innføring i flugefisket sine mysterier.
Mattias Andersson ga Dale kyndig innføring i flugefisket sine mysterier. Foto: Landbrus- og matdepartementet

 Mitt utgangspunkt er at landbruket i størst mogleg grad må stå på eigne bein. Politikken må legge til rette for at folk skal finne det lønsamt å utnytte dei naturressursane dei har for å skaffe seg eiga næring i tradisjonelt jordbruk og i tilleggsnæringar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Laksefiske i Stjørdalselva.
Laksefiske i Stjørdalselva. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Hembre Gård

Hembre Gård har lange tradisjonar for å ta imot fiskarar frå heile verda. Mellom 120 – 140 fiskarar innom hvert år. Det er gjestar frå Norge, Sverige, England, Danmark, Sveits, Tyskland, Spania, Nederland, Frankrike.  Det er ca 6000 overnattingar i året, om lag  1400-1500 av desse er tilknytta laksefiske. Omsetnaden på laksegarden var i 2015 1,4 millionar kroner, fordelt på tre årsverk. I tilllegg driv garden med campingplass.

Landbruks- og matminister Jon Georg dale trivdest med Beate og Aksel Hembre som vertskap.
Landbruks- og matminister Jon Georg dale trivdest med Beate og Aksel Hembre som vertskap. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på laksefiske i Strjørdalselva.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på laksefiske i Strjørdalselva. Foto: Eva B. Thorstad Norsk institutt for naturforskning - NINA