Staten sel kumjølkekvoter

I eit brev 22.9.16 oppmoda Tine partane i jordbruksavtala om at staten ikkje skulle selje ut kumjølkekvote som er kjøpt frå produsentane i 2016. Staten og Norges Bondelag har hatt ein prosess om saka og konkludert med at kvotene staten har kjøpt, ikkje skal dragast inn. Norges Bondelag kravde at eit oppkjøp skulle finansierast over statsbudsjettet. Staten viste til at det står eksplisitt i jordbruksavtala som er inngått mellom partane i vår, at oppkjøp skal finansierast over omsetningsavgifta. Partane vart ikkje dermed ikkje samde om finansieringa av ei eventuell inndraging av kvote. Dette inneber at omsetningsrunda 2016 går som normalt.

Eg har vore skeptisk til å inndra mjølkekvote fordi eg vil halde trykket oppe på sal av dagens produksjon. Etter råd frå aktørane fann eg å kunne imøtekome ynskje frå Tine og Norges Bondelag under føresetnad av ei finansiering i tråd med den inngåtte jordbruksavtala for 2017, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– No vert kvota omsett i 2016 som normalt. Samstundes sender eg på høyring det andre forslaget frå Tine om å auke overprodusksjonsavgifta, seier Dale.

Landbruks- og matdepartementet vil snarast sende på høring eit forslag om å heve overproduksjonsavgifta på mjølk frå kr 4,20 per liter til kr 4,80 frå 1. januar 2017.

I ein situasjon med prognosert tilbodsoverskot kommande kvoteår, blir behovet for å auke avgifta forsterka. Overproduksjonen av mjølk har lege på 11–15 millionar liter dei siste åra. Intensjonen er at overproduksjonsavgifta skal liggje på om lag 90 pst. av mjølkeprisen.