Statsallmenningsutvalet har starta arbeidet

Statsallmenningsutvalget blei oppnemnd av Kongen i statsråd 4. mars 2016. Lovutvalet skal gjennomgå lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningane (statsallmenningsloven).

Oppgåva til utvalet er å vurdere korleis ein kan forenkle lovverket og administrasjonen av statsallmenningane.

Utgreiinga  skal ta utgangspunkt i dei grunnleggjande rettslige forholda som gjer seg gjeldande i statsallmenningane, der staten er grunneigar, og der retten til allmenningsbruk knytt til jordbruket ligg til bygder som fra gamal tid har slik rett. Utgreiinga  skal også ivareta grunnlaget for samisk kultur, samiske rettar og interesser, under dette reindrifta, i statsallmenningane. Krava i folkeretten til at urfolk skal ha moglegheit til å delta i forvaltinga av naturressursar skal liggje til grunn for arbeidet til utvalet. 

Statsallmenningsutvalet hadde sitt første møte 3. mai 2016. Utvalet diskuterte mandatet, og utarbeida ein plan for arbeidet som kan gjere det mogleg å levere ein NOU til regjeringa i løpet av første halvår 2018.

Det neste møtet i utvalet skal haldast i september. På dette møtet skal utvalet handsame to tema: Det eine er korleis ein bør regulere dei jordbrukstilknytta bruksrettane, det vil seie rett til beite, seter og trevirke. Utvalet skal i denne samanheng vurdere kva som er behova i jordbruket i dag. Det andre temaet er grunndisponering og tomtefeste. Her skal utvalet vurdere dagens fordeling av myndigheita til å foreta grunndisponeringar, om reglane for grunndisponering kan gjerast klarare, og om ein skal vurdere å utvide moglegheita til innløysing av festetomter i statsallmenning. 

Spørsmål retta til utvalet kan sendast til  adressa:
statsallmenning@lmd.dep.no

Utvalet vil og ha ei eige nettside, der ein vil leggje ut informasjon undervegs i arbeidet. Adressa til denne nettsida er: www.statsallmenningsutvalet.no

Statsallmenningsutvalet.
Statsallmenningsutvalet. Foto: Espen Fjeldstad/Klima- og miljødepartementet