Tilleggsnummer i Statsbudsjettet 2022:

Auke på ein milliard til landbruk og mat

I tilleggsproposisjonen til statsbudsjett for 2022 gjer regjeringa Støre framlegg om å auke løyvingane til jordbruket med 754 millionar kroner som følge av ekstraordinær kostnadsauke. Regjeringa løyver også 200 millionar kroner ekstra til investeringar i jordbruket. Det er vidare auke i løyvingane til Mattilsynet og til klimatiltak i skog.

Regjeringa følgjer med dette opp Hurdalsplattforma.

– Regjeringa vil utvikle heile landet, og vil sikre gode tenester nær folk, fleire arbeidsplassar, god infrastruktur og eit variert kulturtilbod. Det blir drive næringsmessig landbruk i så godt som samtlege av landets kommunar. Landbruket er såleis ein berebjelke også for anna næringsverksemd og busetjing i distrikts-Noreg, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Kostnadskompensasjon for jordbruket

Staten og organisasjonane i jordbruket blei 28. oktober samde om ein førebels kompensasjon på 754 millionar kroner over statsbudsjettet som følgje av den ekstraordinære kostnadsauken på gjødsel og bygningsmaterialar. Budsjettet til gjennomføring av jordbruksavtalen blir etter dette auka med 754 millionar kroner ut over Stortingets vedtak 16. juni. Kompensasjonen blir utbetalt i februar 2022, saman med produksjonstilskotta, og skjer i form av auka areal-, husdyr- og distriktstilskott.

– Vi har eit ambisiøst mål om betre inntekter i jordbruket. Dette er viktig for at vi også i framtida skal ha eit landbruk i heile landet, seier Sandra Borch (Sp). 

200 millionar ekstra til investeringar i jordbruket

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 200 millionar kroner til investeringar i jordbruket. Midlane skal målrettast mot små og mellomstore gardar for å kunne følgje opp lausdriftskravet. Denne løyvinga kjem i tillegg til investeringsverkemidla som allereie ligg i jordbruksavtalen. 

– Vi vil ha ein ny kurs i landbrukspolitikken, seier landbruks- og matminister Sandra Borch. Mange kjenner seg utrygge for økonomien, og er i tvil om dei skal satse framover. Den kursen vil vi snu. Vi vil gje grunnlag for optimisme i norsk jordbruk.

Etterspurnaden etter offentlege investeringsmidlar i jordbruket er svært stor, og går ut over dei rammene som ligg i jordbruksavtalen. Dei seinare åra har midla stort sett blitt brukt opp første halvår. Frå 2034 er det krav om overgang frå båsfjøs til lausdrift, der dyra kan gå fritt. Dette krev store investeringar, spesielt innan mjølkeproduksjon.

Støtte til investeringar i jordbruket inngår i jordbruksavtalen. Med den auken som Støre-regjeringa no gjer framlegg om for 2022, blir det til saman sett av 879,5 millionar kroner til investeringar. Av offentlege investeringstilskot gjekk i 2020 tre firedelar til gardsbruk som driv med ku, sau eller geit.

Investeringar i bygningar i landbruket gir stor aktivitet i bygg- og anleggsbransjen. Offentlege investeringstilskott løyser ut det mangedobbelte i private investeringar. En analyse frå Menon i 2017, viste at 419 millionar kroner i offentlege investeringstilskott ga samla investeringar i landbruksbygningar på om lag 2,7 milliardar kroner.

20 millionar til Mattilsynet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 20 millionar ekstra til Mattilsynet. Av dette skal ti millionar gå til arbeidet med dyrevelferd, og ti millionar til betre digital dialog og deling av data.

– I Hurdalsplattforma understrekar regjeringa at Mattilsynet må styrkjast, slik at dei har nok ressursar til å drive god rådgjeving, hyppig kontroll og eit målretta samarbeid med produksjonsnæringane, seier landbruks- og matministeren.

Dei ti millionane som er sett av til digital dialog, skal setje Mattilsynet betre i stand til å hente og dele data, slik at  brukarane får tenester som er betre tilpassa behova sine og Mattilsynet kan målrette og effektivisere den offentlege kontrollen.

20 millionar til klimatiltak – auka opptak av CO2 i skog og betre dokumentasjon av karbon i jord

Regjeringa gjer framlegg om å løyve ti millionar til tiltak som vil auke CO2-opptaket i skog. I tillegg vil regjeringa setje av ti millionar til betre dokumentasjon av endringar i karbonlageret i jord, skog og beitemark.

– Regjeringa viI føre ein rettferdig klimapolitikk, som kutter utslepp, og skaper arbeidsplassar. Klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast, og opptaket av karbon skal aukast. I Hurdalsplattforma er målet å kutte norske utslepp med 55 prosent mot 2030 samanlikna med 1990. For å nå dette målet,vil regjeringa styrke naturen sin eigen evne til å fange og lagre klimagassar, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

– Ein aktiv skogpolitikk er den mest jordnære, det enklaste og rimelegaste biddraget til klimaløysinga vi har. Skog som veks tek opp CO2, og dess meir skogen veks, dess meir CO2 tek han opp. Aktiv skogskjøtsel med hogst, planting, gjødsling og ungskogspleie gir derfor ein stor klimavinst, samstundes som det gir arbeidsplassar i distrikts-Noreg, seier Borch.

– Gode avvegingar mellom aktivitet og miljøomsyn, mellom bruk og vern må stå sentralt i ein berekraftig skogpolitikk, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Midlane for å auke CO2-opptaket i skog blir sett av til å styrke dei eksisterande klimatiltak i skog. Det gjeld tettare planting, gjødsling, skogplanteforedling, ungskogpleie og tiltak for å hindre råte.

Betre dokumentasjon av mengda karbon i skogsjord skal skje ved å ta jordprøver på eit utval av Landsskogtakseringa sine prøveflater på skogsmark. Ein reknar at det blir tatt opp sju-åtte  millionar tonn CO2 kvart år i skogsjorda. Dette er 30 prosent av det samla karbonopptaket i skogen.