Presseinvitasjon

Statsråd Gjelsvik inviterer til møte om distriktsmeldinga i Rogaland

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Sandnes, Stavanger og Kvitsøy i Rogaland 19. april. Han møter fleire regionale og lokale aktørar, og inviterer til eit eige møte for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

Media er velkomne til å ta del i programmet.

Program for tysdag 19. april i Rogaland

Kl. 09.30 Statsråden besøker NAV Hjelpemiddelsentral Rogaland. Tema for møtet digitalisering av hjelpemiddelformidlinga i NAV.

  • Stad: NAV Hjelpemiddelsentral Rogaland, Koppholen 16 i Sandnes.

Kl. 10.15 Statsråden besøker sjødivisjonen i Kartverket, departementet sin underliggjande etat. Tema for besøket er arbeidet med marine grunnkart. Desse karta er avgjerande både for samfunnssikkerheita, verdiskapinga og ei berekraftig utvikling.

  • Stad: Kartverket, Prof. Olav Hanssens vei 10 i Stavanger.

Kl. 12.30 Statsråden inviterer lokale og regionale aktørar til eit innspelsmøte for å få betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

  • Stad: Kulturscenen Grøningen, Kvitsøy.

Kl. 14.45 Statsråden besøker ein hummarpark og møter representantar frå Kvitsøy kommune.

  • Stad. Kvitsøy

Pressekontakt

Senior kommunikasjonsrådgivar Ingvild Sahl, mobiltlf. 95 87 05 41

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00