Presseinvitasjon

Statsråd Jan Tore Sanner til Vadsø

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Vadsø fredag 11. november. Han skal vitja familiemottaket for asylsøkjarar i Oscarsgt. 29 saman med ordfører Bønå. Seinare på dagen vil statsråden få innspel til stortingsmeldinga om berekraftige byar og sterke distrikt.

Program for dagen:

Kl. 13.45:
Statsråd Sanner vitjar familiemottaket i Oscarsgt. 29 i Vadsø

Kl. 15.00:
Innspelsmøte på Scandic Hotell i Vadsø.
Tema for møtet: Korleis leggje til rette for vekst og omstillingsevne i Finnmark?

Statsråden vil få innspel frå Glød Explorer i Alta, Norvent i Kirkenes, Young Fish, MQ Granite i Kautokeino og Kirkenes Næringshage. NHO Finnmark, LO Finnmark, Innovasjon Noreg og Norges Arktiske Universitet vil og vere til stades på møtet.

Pressekontakt:
Politisk rådgjevar Rikke Høistad Sjøberg, tlf. 901 01 451

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00