Statsråd Sanner til Kristiansund

Offentlege tenester tilpassa brukarane og omstilling i næringslivet er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Kristiansund onsdag 1. mars.

– Digitaliseringa og teknologiutviklinga skjer raskare og er meir omfattande enn før. Satsing på teknologi og kompetanse er viktig for å lukkast med omstilling, tryggje arbeidsplassar og skape nye, meiner Sanner.

Under besøket til Kristiansund vil han møte verksemder for å lytte til deira erfaring med omstillingsprosessar.

Program

Kl. 09.30:
Møter verksemda Safepath. Tema er omstilling til nye marknader.
Stad: Astrups gate 9

Kl. 10.45:
Besøkjer Kristiansund servicekontor. Sanner tek del i servicekontoret sitt tilbod om opplæring i digitale verkty og offentlege digitale tenester.
Stad: Langveien 19

Kl. 12.45:
Vitjar Bergan sjukeheim. Tema for besøket er offentlege tenester tilpassa brukarane.
Stad: Ole Vigs gate 20

Kl. 13.45:
Besøk og omvising hos GC Rieber Oils AS. Tema for besøket er omstilling frå råvareproduksjon til høgverdige produkt.
Stad: Teistholmsundet 5.

Kl. 14.45:
Besøk til Stranda Prolog. Tema er FOU og innovasjon.
Stad:Dalagata 12

Pressekontakt: Helge Kvandal, mobiltlf. 4028 4275

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 2224 2500