Statsråd Sanner vitjar Vestlandet

Smart bruk av teknologi, gründerskap, sosialt entreprenørskap og omstilling er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Vestlandet tysdag 30. og onsdag 31. mai. Han vil møte verksemder i Bergen, Os, Stord og Vindafjord. I tillegg deltek statsråden på Vårkonferansen til NHH.

– Skal vi lukkast med å styrke verksemdene vi har i dag og skape nye arbeidsplassar må Noreg vere i front på teknologiutvikling og bruk av teknologi. No skal eg møte og lære av gode gründerar og innovatørar på Vestlandet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Besøka i Hordaland og Rogaland inngår i ei rekke reiser til teknologiverksemder, innovasjonsmiljø og arbeidsplassar i omstilling under overskrifta #teknotur17.

Program for statsråd Sanner tysdag 30. mai

Kl. 09.30: Vitjar The Impact Hub i Bergen.
Tema:
Sosialt entreprenørskap. Omvisning og orientering.
Møte med  gründerar som har sprunge ut av The Hub.
Stad:
Holmedalsgården 3, Bergen

Kl. 10.45: Vitjar Makerspace i nyskapingsparken
Tema:
Teknologioverføring, møte med Sensario, Seasmart og Bergen Robotics
Stad: Marineholmen, Thormøhlensgate 51, Bergen

Kl. 13.45: NHHs vårkonferanse.
Innlegg av statsråden: Digitalisering og omstilling av Norge.
Stad: NHH, Helleveien 30, Bergen.

Kl. 16.15: Os kommune
Statsråden vitjar Bjørnefjorden Gründerpark
Stad:
Torggata 14, Os sentrum

Kl. 18:45: Statsråd Sanner får ein liten smak av Fitjar
Tema: Gründerar og næringsutvikling.
Stad: PS Bryggekafe, Steingardseid, Kråko, Fitjar

Program for statsråd Sanner onsdag 31. mai

Kl. 08.30: Vitjar Kværner Stord
Orientering og omvisning,  møte mellom anna med lærlingar.
Stad: Eldøyane 59. Stord

Kl. 10.10: Vitjar testsenteret "The Switch".
Tema: Testteknologi
Stad: Ringveien 44, Heiane, Stord

Kl. 12.00: Statsråd Sanner vitjar Teknologiklynga Vindafjord.
Tema: Omstilling og ny teknologi.
Stad: Hatteland, Stokkastrandveien 85, Nedre Vats

Pressekontakt: Sissel Mossing, tlf. 920 80 147

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00