Historisk arkiv

Storbymidlane 2017 er fordelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er styrkt i revidert nasjonalbudsjett. 31,7 millionar kroner vert tildelt i 2017 for å bidra til betre oppvekst- og levekår for barn og unge i byane.

- Eg er svært glad for at vi har fått til ei auke i storbymidlane, på same måte som vi har fått styrkt andre tilskotsordningar som kjem barn og unge til gode dei siste åra. Desse pengane er med på å hindre barn og unge i å falle utanfor, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Det er stor variasjon mellom møteplassar ein kan søkje om støtte til. Storbyane kan få tilskot til prosjekt som vidareutviklar eller etablerer samlingspunkt for ungdom som fritidsklubbar, ungdomshus, kafear, skatehallar. Dei kan også søke støtte til samarbeidstiltak mellom kommunen og frivillige organisasjonar og til investeringar i lokale og fritidsutstyr. Forsking viser at opne møteplassar for ungdom er mest brukt av ungdom som tradisjonelt ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar, og derfor er dei særleg viktige.

Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til etablering eller vidareutvikling av positive møteplassar i byar. Møteplassane skal vere opne for alle, men med ei særskilt tilrettelegging for utsette barne- og ungdomsgrupper i alderen 10-20 år. Prosjekta har som mål å bidra til sosial inkludering og førebygge uønskt sosial åtferd, som vald, mobbing, kriminalitet og rus. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet forvaltar tilskotsordninga.

Byane som er omfatta av ordninga er Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

Her er oversikta over tildelingane.