Historisk arkiv

Stortingsmelding om fiskeriavtalane for 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet la i dag fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. Meldinga omtalar kvoteavtalane for 2009, norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar.

Det blir vidare gjort greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land.

Ei slik melding leggjast fram årleg, første gong lagt fram i 1995.

Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot uregulert fiske.

Til sist gir meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2007 og 2008, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

St.meld. nr. 45 (2008-2009)
Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2009 og fisket etter avtalane i 2007 og 2008

Til toppen