Historisk arkiv

Stortingsmelding om fiskeriavtalane for 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land.

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land.

– Fiskeriavtalane byggjer på eit langsiktig forvaltningssamarbeid som gjev grunnlag for at vi i dag kan hauste frå sterke fiskebestandar og drive lønsam næringsaktivitet i havområda våre. 90 prosent av den norske fangsten kjem frå bestandar som vi deler med andre land. Internasjonalt samarbeid er derfor avgjerande for ei vellukka og berekraftig fiskeriforvaltning, og for nedkjemping av fiskerikriminalitet og uregulert fiske, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Meldinga omtalar kvoteavtalane for 2012, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Meldinga omtalar også arbeidet Noreg gjer mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

Det blir vidare gjort greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land.
Ei slik melding blir lagt fram årleg, første gong var i 1995.

Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2010 og 2011, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Les Meld. St. 25 (2011-2012) her