Svar på skriftleg spørsmål om Statskog sine eigedomar i Nordland og Troms

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) økonomien på Statskog sine eigedomar i Nordland og Troms.

Eg viser til spørsmål nr. 826 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til landbruks- og matministeren:

"I forbindelse med NOU 2007:13 beskrev Statskog i sin høringsuttalelse sine inntekter og utgifter fra eiendommene i Nordland og Troms, under kapittelet ”Oppsummering av Statskogs økonomi”. Ber om en oppdatering av tallene fra s. 19, inntekter og utgifter separert, fra siste regnskapsår." 

Oppstillinga under viser delen av Statskog SF sitt resultat frå 2016 som er frå Nordland og Troms, og er lik den som var gitt i høringssvaret frå Statskog SF til Samerettsutvalget II sin rapport, NOU 2007:1.

Inntekter:  
-  Herav tenestekjøp frå LMD 


9,3 mill. kroner

116,5  mill. kroner
Kostnader:   80,0  mill. kroner
Resultat før skatt  
- Resultat frå løpande drift:
- Eingongsvinst arealsal og skogvern:

10,0 mill. kroner
26,5 mill. kroner
36,5  mill. kroner
Estimert skatteandel    5,0  mill. kroner
Estimert resultat etter skatt    31,5  mill. kroner
Andel utbytte til eigar (40 prosent)       12,6  mill. kroner

I Nordland og Troms hadde Statskog SF i 2016 eit resultat frå løpande drift på 10 mill. kroner. I tillegg hadde føretaket i 2016 eingongsgevinstar på 26,5 mill. kroner. Av desse utgjer skogvernerstatningar 17 mill. kroner, det restarande er sal av fast eigedom. Den største delen av dette er knytt til areal til kraftliner i Troms.

Med helsing  

Jon Georg Dale