Svar på skriftleg spørsmål om samarbeid mellom bønder og Mattilsynet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om kva statsråden vil gjera for å sikre eit godt samarbeid mellom bønder og Mattilsynet.

Svar på skriftleg spørsmål nr 1492 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad

Representanten Pollestad har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

"Mattilsynet gjer ein viktig jobb for å sikra ei god dyrevelferd i Noreg. Ein høyrer stadig historiar, sist i Bondebladet 26. april 2018, om manglande tillit mellom Mattilsynet og bønder. Kva vil statsråden gjera for å sikre eit godt samarbeid mellom bønder og Mattilsynet?"

Eg har i styringsdialogen med Mattilsynet hatt merksemd både på kvaliteten i Mattilsynet si forvaltning og at dei legg vekt på god rettleiing til bønder og andre dei fører tilsyn med.

Mattilsynet er opptekne av eit godt samarbeid og god dialog med bonden. God dialog må til for at inspektøren skal få eit riktig inntrykk av forholda i dyrehaldet, og for at bonden skal forstå inspektørane si rettleiing og påpeking av regelbrot, samt bakgrunnen for og innhaldet i eventuelle vedtak.

Mattilsynet er òg opptekne av at inspektørane er medvitne om at dei er i ein maktposisjon overfor bonden. Dei skal opptre både sakleg og profesjonelt. Forvaltningslova set krav om at dei må presentere seg, forklare bakgrunnen for tilsynet og informere om retten til å ha med seg eit vitne mv.

Mattilsynet gjennomfører ulike kurs for tilsynsmedarbeidarane. «Kommunikasjon på tilsyn» er eitt av dei. Målet med kurset er å auke inspektørane sine ferdigheiter i kommunikasjon og gi dei verktøy til å skape gode møter. I kursopplegget er det lagt vekt på medvit om myndigheitsrolla, respekt for bonden og evne til å skape tryggleik i møtet. Kurset inneber både teori på samlingar og egen trening i praksis.

Som representanten Pollestad seier i grunngjevinga til spørsmålet, er det all grunn til å tru at dei fleste kontrollørane i Mattilsynet opptrer skikkeleg når dei utfører tilsyn. Samstundes er det rom for å betre dette ytterligare slik at bønder opplev at regelverket har lik praktisering alle stader i landet, og er uavhengig av kven som fører tilsynet. Dette arbeidet må Mattilsynet kontinuerlig forbetre. Hovudinntrykket er likevel at Mattilsynet får positive tilbakemeldingar etter tilsyn. Eg vil framleis ha merksemd på kvaliteten på Mattilsynet si forvaltning og at dei legg vekt på god rettleiing. God rettleiing medverkar til godt samarbeid og god etterleving av regelverket.

Med helsing

Jon Georg Dale