Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om forbod mot burhøns og påbod om merking av egg frå burhøns inntil forbodet er sat i verkt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå Næringskomiteen - Dokument 8:138 S (2016-2017) - Representantforslag frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om eit forbod mot burhøns og påbod om merking av egg frå burhøns inntil forbodet er sat i verkt.

Spm frå næringskomiteen - Dokument 8:138 S (2016-2017) - Representantforslag frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om eit forbod mot burhøns og påbod om merking av egg frå burhøns inntil forbodet er sat i verkt.


Eg viser til brev av 4. mai 2017 frå næringskomiteen der ein ber om vurdering frå Landbruks- og matdepartementet av representantforslag framsett i Dokument 8:138 S (2016-2017).

Det blir fremja to forslag:

  1. Stortinget ber regjeringen fremme forslag om forbod mot salg og produksjon av buregg i Norge innen 2025, og fremme forslag om en omstillingsordning for eggprodusentene.
  2. Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig innføre en merkeordning der buregg, og matvarer som inneholder buregg, merkes tydelig med: "Egg frå burhøns/inneholder egg frå burhøns.

Eg vil her gjere greie for mi vurdering av dei to forslaga:

Forslag nr. 1
Forslagstillar meiner at det ikkje er mogeleg å oppfylle føremålet i forskrift om hald av høns og kalkun i driftssystem der ein driv med innreia bur, og vil difor ha forbod mot slike bur.

Eg vil vise til at det i dag er to ulike tillatne driftssystem for produksjon av egg i Noreg; lausdriftssystem og bur med miljøinnreiing. I tillegg kjem økologiske driftssystem. 
Regelverk for hald av eggleggande høner er ein del av EØS-avtalen og dei to driftssystema er likestilt i direktivet som set ei rekkje detaljerte minimumskrav. I Noreg er det krav til større plass pr. dyr i innreia bur enn det EU-direktivet fastset.

Det er som representanten peikar på, visse – og til dels ulike - utfordringar i både lausdriftssystem og innreia bur. Eg kan difor ikkje utifrå objektive kriterier eintydig slå fast at det eine driftssystemet er betre enn det andre. Dyrevelferd i ulike produksjonssystem for eggleggande høner er grundig drøfta i ein oversiktsartikkel av Lay et al som vart publisert i Poultry Science i 2011. I artikkelen blir det mellom anna konkludert med at høner kan oppleve stress i alle typar driftssystem.Det blir peika på at den daglege drifta har svært stor effekt på dyrevelferda, uavhengig av driftssystem.

Krava til bur med miljøinnreiing vart gjort gjeldane frå 2012. Då vart det samstundes forbode å halde høns i "nakne" bur. Ei rekkje produsentar måtte gjere omfattande investeringar for å oppfylle dei nye krava. Det vil vere både samfunnsmessig og miljømessig ulønsamt å påleggje produsentar nye omfattande investeringar for å leggje om til lausdriftssystem. Basert på vurderingane knytt til dyrevelferd vil eg difor rå frå forslaget. Eg minner forøvrig om at om at eit slikt forbod vil medføre er auka kostnader for produsentane.

Forslag nr. 2
Det er i dag full anledning til frivillig å merka eggekartongar med produksjonsform. Kartongar med egg frå frittgåande høns, enten dei kjem frå økologisk eller konvensjonell produksjon, er i dag allereie tydeleg merka. Dei frivillige merkeordningane gjer det fullt mogeleg for forbrukarane å velje mellom dei forskjellege produkta som er tilgjengelege i marknaden.

Slik eg ser det, er det inga hinder for vekst i økologisk produksjon eller lausdriftproduksjon at det ikkje er eit krav i regelverket at egg vert merka med produksjonsform. Det er òg fritt opp til matvareprodusentar og matvarekjedar å velje kva egg dei vil bruke eller selje.

Å innføra ein obligatorisk merkeordning for buregg vil føre med seg meir regelverk og byråkrati på området. Dette meiner eg ikkje er naudsynt sidan det allereie i dag kjem tydeleg fram på eggkartongane om egga kjem frå frittgåande høner eller ikkje.

Å skulle krevje merking av matvarer som inneheld egg frå burproduksjon, ser eg ikkje på som praktisk gjennomførbart. Obligatoriske krav til merking av mat er harmonisert i EØS gjennom matinformasjonsforordninga.

Det vil difor ikkje vere anledning til å krevje merking av produksjonsform for egg i importerte produkt som inneheld egg.
Det er òg tvilsamt om regelverket gir rom for å krevje slik merking av norske produkt. Eit slikt krav vil i tilfelle vere fordyrande og konkurransevridande for norsk jordbruk og norsk næringsmiddelindustri.

Med helsing

Jon Georg Dale