Svar på spørsmål om forbod mot bruk av narasin i Noreg

Landbruks- og matministeren har svart på spørsmål frå stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) om korleis skal Noreg gå fram i henhald til EØS-avtalen for å få vedteke eit forbod mot bruk av narasin som fôrtilsettingsstoff i husdyrproduksjon i Noreg.

Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen har stilt følgjande spørsmål: 

"I EØS-regelverket er narasin ikke regna som et antibiotikum. Hvordan skal Norge gå fram i henhold til EØS-avtalen for å få vedtatt et forbud mot bruk av narasin som fôrtilsetningsstoff i husdyrproduksjonen i Norge". 

Svar:

Ved inngåing av EØS-avtalen hadde Noreg færre stoff som det var lov å sette til fôr til dyr, enn det som var lov i EU. I samband med framforhandling av EØS-avtalen i 1994 fekk Noreg (EFTA-landa) difor eit unnatak frå EU sitt fôrvareregelverk for mellom anna antibiotika og koksidiostatika og for koppar som ytingsfremjande stoff. Bakgrunnen for unnataket var eit ønske om å kunne vidareføre ei streng regulering for desse stoffa. 

Unntaket innebar at Noreg kunne behalde sitt nasjonale regelverk for bruk av desse stoffa i fôr. 

Narasin som koksidiostatikum var lovleg til bruk i fôr i Noreg også før inngåing av EØS-avtalen. 

Innehavaren av løyve til å marknadsføre narasin i EU har i medhald av regelverket sendt ny søknad med dokumentasjon til Kommisjonen for å fornye løyvet. Prosessen inneber mellom anna at EU sitt vitskapeleg organ EFSA skal gjere ein vitskapleg risikoanalyse. Resultata vil bli lagt fram i ein rapport som EFSA sender til Kommisjonen. Rapporten vil så bli drøfta i EU sin ekspertkomité (SCOPAFF) der medlemslanda er representerte. Rapporten må syne at stoffet er sikkert for dyr, menneske og miljøet for at nytt løyve skal bli gitt. Noreg har høve til å legge fram sitt syn i denne prosessen. 

Dersom EU gir nytt løyve til vidare omsetnad (ny godkjenning), vil EØS-komiteen måtte ta stilling til om rettsakta skal bli tatt inn i EØS-avtalen og såleis bli gjort gjeldande for Noreg også. Vi er på noverande tidspunkt ikkje kjent med tidsperspektivet for denne prosessen. 

Med helsing   

Jon Georg Dale