Historisk arkiv

Tildeler 150 millionar kroner til tiltak for å inkludere barn i låginntektsfamiliar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

På grunn av koronaepidemien vil mange av dei frivillige organisasjonane som tilbyr aktivitetar for å inkludere barn i låginntektsfamiliar bli nøydde til å tilpasse tilboda dagens smittevernreglar. No vert tilskota på om lag 150 millionar kroner utbetalt til organisasjonane.

- Dagens situasjon i Noreg er krevjande for mange, men vi vil absolutt ikkje at det skal gå utover barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Desse barna er sårbare i utgangspunktet, og mange har det kanskje ekstra vanskeleg no når skular, barnehagar og fritidsaktivitetar er stengt. Vi håper og trur at organisasjonane no vil tenke kreativt for likevel å nå ut til desse gruppene med eit godt tilbod, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Mange av tilskota skulle gå til ferie- og fritidsaktivitetar som samla mange menneske på ein stad, til dømes ferieaktivitetar og sommarleirar i skuleferien. Med tildelingane følgjer derfor nokre føringar til organisasjonane for korleis pengane skal brukast:

  • Tilskotsmottakarane kan bruke midlane til andre tiltak enn det dei har søkt om så lenge bruken er innanfor formålet til tilskotordninga.
  • Aktivitetane som gjennomførast må vere i tråd med gjeldande smittevernreglar.
  • Tilskot som allereie er brukt til å forberede aktiviteter som nå ikkje kan gjennomføras på grunn av koronautbrotet vil ikkje krevjast tilbake.

Sjå oversikt over tildelingane på Bufdir sine nettsider.

Tilskotsordninga for inkludering av barn og unge har auka jamt sidan den vart oppretta i 2014. I år er potten på om lag 310 millionar kroner totalt. I denne runda vert 150 millionar fordelt på 49 frivillige organisasjonar som tilbyr aktivitetar for barn og unge. Tilboda er alt frå ferieleirar og gratis lån av sports- og fritidsutstyr til leksehjelp og bandleir.

- Eg er uroa for dei barna som veks opp i familiar med låg inntekt, fordi vi veit at desse ofte hamnar utanfor og får det vanskeleg også på andre område i livet. Eg er derfor veldig glad for at det fins så mange fine organisasjonar i Noreg som har gode tilbod retta mot desse gruppene, og er glad for å dele ut desse tilskota no under denne spesielle situasjonen vi er i, seier statsråd Ropstad.