Historisk arkiv

Tilknyting til Schengens visumsystem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa fremjar i dag eit lovforslag slik at Noreg kan tiltre det felles europeiske visuminformasjonssystemet, VIS.

Regjeringa fremjar i dag eit lovforslag slik at Noreg kan tiltre det felles europeiske visuminformasjonssystemet, VIS.

- VIS vil gi utlendingsstyresmaktene auka kontroll, og lette arbeidet med å returnere personar utan lovleg opphald, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

VIS er eit felles system for Schengenlanda, der opplysningar om visumsøkjarar skal lagrast i ein sentral database. I tillegg til saksopplysningar skal fingeravtrykk og ansiktsfoto registrerast i basen.

- VIS gjer det enklare å oppdage forfalskingar, og gjer det lettare å sikre identifisering av personar som ikkje fyller vilkåra for å reise inn i Schengenområdet, seier statsråden.

Schengenlanda vil, innanfor nærmare angjevne rammar, kunne utveksle informasjonen i samanheng med behandling av visumsøknader, grensekontroll og identifisering.

Som medlem av Schengensamarbeidet er Noreg forplikta til å delta i VIS, og gjere nødvendige føregåande tiltak for slikt samarbeid. Forutan tekniske tiltak, er det nødvendig å innføre heimel i norsk lov til lagring, bruk og overføre personopplysningar som er registrerte i VIS. Odelstingsproposisjonen har som formål å gi slik heimel. VIS skal etter planen starte opp desember 2009.

Lovforslag om tilknyting til det felles europeiske visuminformasjonssystemet - Odelstingsproposisjon nr. 36 (2008 - 2009)

 

 

Til toppen