Transportattachear frå EU vitjar Oslo

- Det blir utført mykje internasjonal transport i Noreg, og norske transportselskap tek del i denne verksemda. Det er såleis særs viktig at vi er med og påverkar internasjonalt arbeid om rammevilkår og standardar. Vi har difor invitert sentrale folk frå EU til Noreg. I to dagar skal dei få oppleve norsk samferdsel, norske behov og lytte til våre synspunkt om internasjonale løysingar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Besøk fra EUSamferdselsminister Ketil Solvik-Olsen tok i mot transportattacheane frå EU i Operaen 29. juni (foto: Olav Heggø).

For tredje gong er transportattachear frå EU på vitjing Noreg. Liknande arrangement blei gjennomført i Oslo i  2008 og i Stavanger i 2012. I år er arrangementet attende i Oslo, frå 29. juni til 1. juli.

Om lag 50 personar har tatt turen frå Brussel. Dei fleste av desse er  transportattachear frå medlemsstatane til EU, og arbeider i EU-delegasjonane til medlemslanda i Brussel. I tillegg deltek desse attacheane i rådsarbeidsgruppa til EU innan transportområdet. Denne gruppa er viktig i prosessen med å vedta nytt EU-regelverk.

Under opphaldet i Oslo skal transportattacheane mellom anna på synfaring på Follobane-prosjektet, vitje det maritime rådgjevingsselskapet DNV GL og reise til Oslo Lufthamn for å høyre om fjernstyrte tårn og satsing på biodrivstoff innan luftfart.    

I lag med Nærings- og fiskeridepartementet er Samferdselsdepartementet ansvarlege for programmet. 

For fleire opplysningar - sjå:

  • Program for transportattacheane i Noreg (pdf)

Presentasjoner (på engelsk)