Utdrag frå olje- og energiminister Terje Søviknes sin kalender for veke 10

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 7. mars

Olje- og energiminister Terje Søviknes deltar og held innlegg på konferansen Energy Transition 2017. Stad: Clarion Hotel & Congress, Trondheim.  Seinare på dagen møter statsråden studentar under arrangementet Petroleumskvelden. Stad: Scandic Lerkendal.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Håkon Smith-Isaksen, telefon 90 68 38 87.

Onsdag 8. mars

Olje- og energiminister Terje Søviknes deltar og held innlegg under KS Bedrift sin årskonferanse. Stad: Quality Expo Hotel, Fornebu.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.

Torsdag 9. mars

Olje- og energiminister Terje Søviknes deltar og held innlegg under Norskehavskonferansen. Stad: Scandic Hell, Stjørdal. Seinare på dagen er statsråden på bedriftsbesøk hos Kongsberg Digital og Powel.

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland, telefon 93268350.