Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Tord Lien sin kalender for veke 42

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 18. oktober

Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg under Energikonferansen til Dagens Næringsliv i Oslo.

For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland på telefon 932 68 350.

Tysdag 18. oktober

I høve det ukrainske statsbesøket er olje- og energiminister Tord Lien vert for eit rundebordsmøte om energi med vekt på organiseringa av kraftmarknaden. På norsk side vil også Statnett, Statkraft og NVE delta. Stad: Den norske opera & ballett.

For meir informasjon, kontakt kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland på telefon 932 68 350.

Onsdag 19. oktober

Olje- og energiminister Tord Lien mottar rapport om nordnorsk leverandørindustri. Han deltar også på eit folkemøte om petroleumsverksemd. Stad: Tromsø.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.

Torsdag 20. oktober

Olje- og energiminister Tord Lien er på industrianlegget på Tjeldbergodden i Møre og Romsdal for orientering og omvising.

For meir informasjon, kontakt pressevakta på telefon 415 73 500.